Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Ein million kroner til vern av kulturminne i verdsarvområdet

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Ein million kroner til vern av kulturminne i verdsarvområdet

Kultur- og folkehelseutvalet i fylkeskommunen har i vår fordelt i alt 1 000 000 kroner til viktige prosjekt i verdsarvområdet. 

Våningshuset Smogeli har fått 370 000 kroner til arbeid med grunnmur og sikringsarbeid i tunet.
Foto: Asgeir Kvernberg, Storfjordens Venner

Tilskota fordelt frå Riksantikvaren sine midlar til verdsarven er avgjerande for å sikre og ta vare på desse kulturminna. To av tilskota går til veglause fjordgardar medan to gjeld bygg og anlegg som ligg midt i den travlaste «turistleia».

Desse prosjekta har fått støtte:

Murar i Smogeli
Det er eit prekært behov for å sette i stand både grunnmuren til våningshuset i Smogelia og forstøtningsmurar like nedanfor huset i dette tunet. Med tilskotet på 370 000 kroner kan Storfjordens Venner gjennomføre sikringsprosjektet dette året.

Løa på Litlesetra på Åkerneset

Storfjordens Venner vil fortsette engasjementet sitt på Litlesetra når dei avsluttar arbeida på våningshuset no i år. Løa står for tur. Det nye prosjektet kan startast opp på hausten med tilskotet på 305 000 kroner. Med ein lovnad på ytterlegare 335 000 i 2019 er prosjektet fullfinansiert.

Murar på Møll

Ein forstøtningsmur i det freda tunet på Møll må sikrast mot utrasing. Fylkeskommunen yter 225 000 kroner til tiltaket. Finansiert som eit spleiselag med fylkesmannen si landbruksavdeling ligg det til rette for at prosjektet kan utførast innan høgsesongen for turisttrafikken gjennom bygda.

Ørjasæternaustet i Geiranger

Naustrekkja i Geiranger ligg heilt sentralt i kulturmiljøet som blir besøkt av hundretusenvis kvart år. 50 000 kroner går til reparasjon og nødvendige utskiftingar i tak og veggar på Ørjasæternaustet.

Kulturvernforvaltar

Det er eit mål å starte opp eit treårig prøveprosjekt med ein forvaltar som kan ha tilsyn med og gjere vedlikehald på kulturminna i verdsarvområdet. Ei første løyving på 50 000 kroner vil vere ein del av eit spleiselag for dette prosjektet i 2018.

Bilde av Ørjasæternaustet i Geiranger

Ørjasæternaustet i Geiranger har fått støtte på 50 000 kroner
Foto: Oddvin Ørjasæter