Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Ein million til makerspace i bibliotek

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Annette Elin Koch Annette Elin Koch
Fylkesbiblioteksjef
71 28 05 03 /
Mob. +47 41455913
Send e-post
One Marthe Jostad Vik One Marthe Jostad Vik
Bibliotekrådgivar
71 28 05 07
Send e-post

Ein million til makerspace i bibliotek

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut midlar for å styrke folkebiblioteka i Møre og Romsdal sin posisjon som møteplass og aktiv formidlar av kunnskap og kultur. Dette skal skje gjennom ei pilotsatsing på makerspace i biblioteka. I første omgang betyr det at eitt til tre bibliotek vil få støtte til å utvikle nye, spanande tilbod til innbyggarane.

Illustrasjonsbilde: 3D-printer er eit eksempel på noko som kan bli brukt i makerspace

Makerspace har ei lang internasjonal historie og brer no om seg i Norge. Mange har utgangspunkt i universitetsmiljø, men også fleire bibliotek rundt om i landet har starta eigne skapartilbod.

-Vi ser etter dei gode ideane i små og store bibliotek i heile fylket. Det vi treng no er pionerane som kan gå føre og prøve ut nye konsept som kan utviklast vidare i andre bibliotek seinare. Vi har stor tru på makerspace som eit lågterskeltilbod som kan ha ringverknader for alt frå integrering til næringsutvikling, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Stor interesse for kreative arenaer

Ei av biblioteka sine viktigaste oppgåver er å legge til rette for større brukarengasjement og open deltakande læring. Det inneber produksjon av kunnskap, ikkje berre konsum, og gjer biblioteka til ein stad kor ein kan skape, finne opp og prøve ut nye ferdigheiter. I eit makerspace lærer ein å utforske, dele erfaringar og kunnskap og utveksle idear om alt frå robotbygging til hekling. Eitt eksempel er kodeklubbane som har dukka opp i mange kommunar. Eit anna kan vere deling av kunnskap om tradisjonshandverk.

Fylkesbiblioteksjef Annette Koch seier at det er stor interesse for makerspace blant biblioteka i fylket. Under konferansen The North West i april vart det arrangert ein inspirerande fagdag om temaet, som samla bibliotekarar frå mange kommunar i fylket.

-Mange ser at dei med relativt enkle verkemidlar kan skape ein arena der alle har sjans til å utfalde seg. Livslang læring ligg midt i kjerneverksemda til biblioteka, og eg trur vi får sjå mange spanande prosjekt i tida som kjem.

Søker gode pilotprosjekt

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker no gode søknadar på 1-3 pilotprosjekt som:

  • Skal vere pilotbibliotek innan makerspace.
  • Prioriterer lokal og regional medverknad og medfinansiering.
  • Vil samarbeide med til dømes næringsliv, høgskular, lag og organisasjonar, grunnskular og vidaregåande skular.
  • Legg til rette for kunnskapsdeling med andre bibliotek på ulike arenaer.
  • Har ein klar mediestrategi, og sørger for at Møre og Romsdal fylkeskommune er godt synlege i prosjektet.
  • Er godt forankra i kommunane.

Kven kan søke?

Folkebiblioteka i Møre og Romsdal. Fleire bibliotek kan inngå samarbeid om felles søknad og prosjekt. Søknadsskjema finn du på regionalforvaltning.no. Bruk «Søk støtteordninger» i høgre marg, ordninga heiter Makerspace Møre og Romsdal.

Ramme:

Møre og Romsdal fylkeskommune kan dekke inntil 50% av totalkostnadane i prosjekta. 1-2 bibliotek vil bli tildelt midlar i 2018, eit eventuelt tredje prosjekt får tildelt midlar i 2019. 

Søknadsfrist: 14. september 2018.