Kontaktpersonar
Eit hakk opp for Fagskolen i Kristiansund
Ny fagskolelov trer i kraft 1. juli og gir ny status for både studentar og Fagskolen i Kristiansund.

Campuskonferansen 2018: ass. fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad (t.v.) og rådgivar Lasse Kristiansen i Møre og Romsdal fylkeskommune presenterer den nye fagskolelova. Foto: Ingvild Dverseth Sæter.
Den nye fagskolelova fører til at fagskolepoeng blir gjort om til studiepoeng på lik linje med anna høgare utdanning. Fagskolestudentane får også moglegheit til å knytte til seg studentsamskipnaden.
-Som skoleeigar har fylkeskommunen eit sterkt engasjement for å utvikle fagskolen. I Kristiansund har vi eit godt samarbeid med skolen om å styrke den faglege utviklinga og kople utdanning og næringsliv, seier ass. fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad.
Midlar frå departementet
Kunnskapsdepartementet legg også inn ein pott utviklingsmidlar som fagskolane kan søke på for å heve kvaliteten på utdanningstilboda. Fagskolen har allereie allereie søkt om 6 mill. kroner frå desse midlane.
I fjor fekk Fagskolen i Kristiansund utviklingsmidler på 4 mill. kroner frå llioner, hvor fylkeskommunen forpliktet seg til å bidra med tilsvarende beløp. Disse midlene er brukt til å oppgradere utstyr og fasiliteter ved fagskolen i Kristiansund for å gi dagsaktuell opplæring, samt tettere samarbeid med næringslivet.
-Vi håpar sjølvsagt på ei like sterk uttelling som i fjor, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lasse Kristiansen.
Oppdatert: 28.06.18