Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Elvestuen orientert om innovasjonsprosjekt i Sunndal

Kontaktpersonar

Øyvind Herse
Rådgivar
71 28 03 56 / Mob. 913 64 886
Send e-post

Elvestuen orientert om innovasjonsprosjekt i Sunndal

Under sitt besøk på Sunndalsøra torsdag 27. juni fekk miljøvernminister Ola Elvestuen og partikollega Pål Farstad presentert resultat frå to innovasjonsprosjekt som har fått fødselshjelp frå fylkeskommunen.

Miljøvernminister Ola Elvestuen (nr. 3 frå venstre) og partikollega Pål Farstad (nr. 4 frå venstre) under pressekonferansen på Sunndalsøra, der Kvanne Industrier og Ottem Resirk presenterte sine forskingsprosjekt. Partnarbedriftene deltok også: Hydro Aluminium, Storvik, Norske Skog Saugsbrugs, PFI RICE og Innveno. 

Frå fossil til biobasert dørproduksjon

Kvanne Industrier AS har eit forskingssamarbeid med Norske Skog Saugbrugs om å utvikle eit biobaser kjernemateriale til produksjon av dører. Det nye materialet viser seg å ha betre kvalitet og bruke mindre energi enn fossilbasert materiale. Prosjektet har fått støtte gjennom MobPro og RFF Midt.

Resirkulering av av karbon

Det andre prosjektet skjer hos Ottem Resirk, i samarbeid med Hydro Aluminium. I prosjektet har ein utvikla eit system for gjenbruk av avfallsstoff (karbon) frå aluminiumsproduksjonen som kan brukast i transport og til andre energikrevande operasjonar. Dette vil gi stor reduksjon av mengden avfall som går til deponi. Prosjektet har fått støtte gjennom MobPro og RFF Midt. 

Marknadspotensial

-Begge bedriftene og partnarane deira ser store marknadsmoglegheiter nasjonalt og internasjonalt, og dei kjem til å bruke meir forsking og utvikling i framtida. Ottem ønskjer mellom anna å etablere eit pilotanlegg på Sunndalsøra, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Øyvind Herse.

Regionale støtteordningar er ein suksessfaktor

-Statsråden utfordra på fylkeskommunen si rolle, og vårt svar er at dei regionale støtteordningane MobPro og Regionalt forskningsfond har vore avgjerande for framdrift og resultat i desse prosjekta. Ordningane er viktige verktøy for å fremme innovasjon og berekraft regionalt og nasjonalt, seier Herse.