Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Færre statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal i 2017

Kontaktpersonar

Oddbjørn Vassli Oddbjørn Vassli
Prosjektleder
71 28 03 21 /
Mob. 901 35 833
Send e-post

Færre statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal i 2017

Møre og Romsdal starta i fjor eit prosjekt for å få fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Resultatet etter det første året med prosjektet er derimot at det vart 50 færre statlege arbeidsplassar som skuldast reduksjonar i helseforetaket. 

Helse Midt-Norge er den største statlege verksemda i fylket med nesten 6000 arbeidsplassar. Foto: Helse Midt-Norge

Helse Møre og Romsdal HF er den desidert største statlege verksemda i fylket med nesten 6000 arbeidsplassar. Helseføretaket reduserte talet på arbeidsplassar med 193 i fjor. Det er grunn til uro for at den økonomiske situasjonen til føretaket kan krevje ytterlegare reduksjonar framover. Helseføretaket si utvikling vil i stor grad påverke den totale utviklinga i statlege arbeidsplassar i fylket framover.

Noreg fekk uvanleg få nye statlege arbeidsplassar i 2017 – berre 405, medan veksten sidan 2012 har vore på 25.000. Veksten i statlege arbeidsplassar i 2017 skjedde først og fremst i landsdelsentra og universitetsbyane Trondheim, Bergen, Tromsø og Kristiansand. Oslo og Akershus hadde nedgang i statlege arbeidsplasser i 2017. 

For Møre og Romsdal var det positivt at Regjeringa si utflyttingsplan 2017 ga 70 nye statlege arbeidsplassar til Kristiansund. Vidare vart det i 2017 bestemt at Statens lånekasse sitt Ørstakontor skal vidareførast, og i april 2018 bestemte regjeringa at også HELFO sitt Ørstakontor skal vere ein del av HELFO sin framtidige kontorstruktur. Samla sikrar desse to vedtaka 60 statlege arbeidsplassar i Ørsta.

Les heile rapporten her: