Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Felles rusplan for VGS

Dokument

Plan for rusarbeid
PDF-dokument - 1,80 MB

Rusplan klar for vidaregåande skular i Møre og Romsdal

Kompetansesenter rus - Midt-Norge har i samarbeid med Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og representantar fra sju vidaregåande skular utarbeidd ei felles handlingsplan for rusarbeid i skulane.

Tirsdag 27. august var representantar fråUtdanningsavdelinga ved Møre og Romsdal fylkeskommune, Kompetansesenter rus - Midt-Norge og dei vidaregåande skulane samla i Molde for å gå gjennom den ferske handlingsplana. Her blei det informert om offentleggjering og spreing av plana, og om prosessen mot ei politisk godkjenning slik at ho forpliktar fylkeskommunen som skuleeigar.Det blei og planlagt implementeringsarbeid ved dei enkelte skulane.

Rusplana

SAMAN OM HANDLINGSPLANA: Marit Seljeseth Stokke fra Romsdal videregående  skole,  Rita Valkvæ fra KoRus , Berit Brudeseth fra Utdanningsavdelingen i fylkeskommunen, Arne Tangen fra Borgund videregående skole, Rita Rødseth fra KoRus og  Åshild Skaret fra Atlanten videregående skole deltok på lanseringen av handlingsplanen i Molde.

Skulane etterlyste kunnskap I 2010 gav Helsedirektoratet ut rettleiaren «Fra bekymring til handling» om tidleg intervensjon på rusområdet. Rettleiaren beskriv kva som kan gi grunn til bekymring for eit rusrelatert problem. Målet er å komme raskt frå bekymring til handling og henvise til nødvendig hjelp.

Kompetansesenter rus – Midt-Norge gjennomførte i 2011 ei spørjeundersøking på alle dei 23 vidaregåande skulane i Møre og Romsdal om dei kjende til innhaldet i rettleiaren og kva skulane gjer når dei er bekymra for om ein elev har eit rusproblem eller lever i ein situasjon kor dei blir negativt påverka av andre sitt rusproblem. 17 skular svarte på undersøkinga og av desse oppgav 14 av skulane at dei treng meir kunnskap og metodar om rusførebyggande arbeid. Skulane etterspurte og  ei felles plan og tilråding i det rusførebyggjande arbeidet ved skulane.

Kva har blitt gjort? I etterkant av undersøkinga blei det gjennomført to konferansar om rusarbeid i vidaregåande opplæring; i Molde og i Ålesund. Ungdomsrepresentantar frå elevråd og ungdomsråd var og til stades og kom med nyttege innspel. Ungdommane understreka mellom anna at skulane må ta ansvar med å melde frå til barnevernet eller spesialisthelsetenesta ved bekymring. Dei streka under at barnevernet kunne hjelpe, og dei viste til sterke eksempel kor ungdom hadde fått hjelp frå barnevernet.

Med dette som bakteppe har Kompetansesenter rus - Midt-Norge, sidan årsskiftet samarbeidd med Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og representantar frå Atlanten vgs, Kristiansund vgs, Romsdal vgs, Molde vgs, Volda vgs, Borgund vgs og Fagerlia vgs om ei  felles handlingsplan for rusarbeid for dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Hovedformål er at skulane skal vite kva dei må gjere når dei er bekymra for om ein elev har eit rusproblem og at dei får til eit tettare og betre samarbeid med hjelpetilboda i kommunen og i spesialisthelsetenesta. Arbeidet med plana vil gå inn som ein del av arbeidet med å førebygge fråfall i vidaregåande opplæring, som er en viktig del av Ny Giv-satsinga i Møre og Romsdal.

Plana vil kunne fungere som ein rettleiar for skulane. Her kan både tilsette på skulane, foreldre og elevar kunne lese om førebygging og korleis dei skal reagere dersom dei er bekymra.

I haust startar arbeidet med å integrere plana på ein god måte ved den enkelte skule. Dei sju skulane som har vore med i arbeidsgruppa skal vere pilotar. Målet er at alle dei 23 vidaregåande skulane i fylket skal få opplæring og ta plana i bruk.

Comments