Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fire bussoperatørar la inn anbod på rutepakke 6 – Indre Nordmøre

Kontaktpersonar

Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post

Fire bussoperatørar la inn anbod på rutepakke 6 – Indre Nordmøre

Nettbuss Midt-Norge AS, som er dagens bussoperatør i området hadde det lågaste tilbodet. 0,7 prosent under næraste konkurrent som var Boreal Transport Midt-Norge AS.

Fram dame gutt buss

Foto: Terje Aamodt

Rutepakke 6 inneheld Ekspressbussruter Kristiansund – Oppdal, Molde/Kristiansund - Trondheim, og rute- og skolekøyring i kommunane Rindal, Surnadal, Halsa, Tingvoll, Sunndal og Nesset.

- Vi er nøgde med talet på tilbydarar og innleverte prisar på rutepakkane. Arbeidet vidare vil no vere å kvalitetssikre dei innleverte tilboda, seier seksjonsleiar Dag Hole i Møre og Romsdal fylkeskommune.

     

Dei fire tilboda som kom innan fristen, 26.11.2015 klokka 12:00 er:

Nettbuss Midt-Norge AS, pris pr. år: kr 71.222.308

Boreal Transport Midt-Norge AS, pris pr. år: kr 71.713.431

Tide Buss AS, pris pr. år: kr 72.813.754

Trøndebilene AS, pris pr. år: kr 77.899.399