Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fleire endringar på busstilbodet i Ålesundsområdet frå 1. mai 2018

Kontaktpersonar

Svein Ivar Aarskog Svein Ivar Aarskog
Fagleg ansvarleg buss
71 28 02 51 /
Mob. 992 48 572
Send e-post
Inge  Rønstad Inge Rønstad
Rådgivar
71 28 02 48 /
Mob. 986 84 151
Send e-post

Fleire endringar på busstilbodet i Ålesundsområdet frå 1. mai 2018

Det har ikkje vore gjort noko med strukturen på busstilbodet i Ålesundsområdet på svært mange år, men frå 1. mai 2018 blir det fleire endringar.

- Vi har jobba tett med Ålesund kommune og har gjennomført spørjeundersøkingar for å finne ut meir om folk sitt reisemønster. Basert på tilbakemeldingane, kom vi opp med eit forslag til eit forbetra tilbod, og fylkestinget løyvde ekstra ressursar slik at vi kan gjennomføre mange av dei endringane vi ønska oss, seier Svein Ivar Aarskog, fagansvarleg på samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tore Johan Øvstebø, varaordførar i Ålesund, har vore engasjert i det førebuande arbeidet. – Vi er opptatt av å gjere Ålesundsområdet til eit godt område for kollektivbrukarar, og vi er svært glade for det grundige arbeidet fylkeskommunen har gjort for å kartlegge og foreslå forbetringar i busstilbodet, fortel Øvstebø.

Med det nye tilbodet blir det ein auke i tilbodet i Ålesund og Giske, betre forbindelse mellom Sykkylven og Ålesund, og raskare reise mellom Sula og Ålesund med buss. I tillegg blir det meir effektive traséval og omlegging av enkelte ruter som gjer at bussen går raskare. Og ikkje minst blir det eit betre tilbod søndag morgon og formiddag, slik at det blir enklare for dei som jobbar helg å bruke kollektivtransport.

- Vi er veldig glad for alle endringane som har blitt gjort, alt dette bidreg til at det blir enklare å reise kollektivt både i, til og frå Ålesund, seier Øvstebø.

Dette er dei viktigaste endringane:

  • 10-minuttsavgangar mellom sentrum og Moa i rushtida (07.00-08.30 og 13.30-16.30)
  • 15-minuttsavgangar mellom sentrum og Moa fram til kl. 24.00
  • Busskorrespondanse med ferga på Magerholm til alle avgangar på dagtid måndag- fredag
  • Rute 250 blir opna for påstiging innanfor Ålesund kommune
  • Eige tilbod til Flisnes i tillegg til buss til Magerholm (totalt fem bussar i timen)
  • Rute 440, 250, 631 og 632: i rushtid (07.00-08.30 og 13.30-16.30) køyrer desse bussane utanfor Blindheimstunnelen (Gamle Spjelkavik)*
  • *Utanfor rushtida køyrer bussane Blindheimstunnelen for å kome raskare fram. Det vil seie at stopp på strekninga Moa – Gamle Spjelkavik – Myrabakken – rundkøyring Blindheim ikkje blir dekt utanfor rushtida
  • 15-minuttsavgangare strekninga Blindheim – Hessa på dagtid måndag - fredag
  • Betre tilbod på kveld strekninga Hessa – Magerholm
  • Alle bussar til/frå Hessa går via Hessaskaret med avgang kvart 15. minutt. Frå Hessaskaret går annankvar buss til Sævollen og Slinningen. Det vil seie avgang kvar halvtime til/frå Sævollen og kvar halvtime til/frå Slinningen
  • Timesavgangar Vigra/Ellingsøya-Ålesund sentrum
  • Avgangar kvar halvtime Valderøya-Ålesund sentrum
  • Ein del  av lokalbussane (671 og 672) på Vigra går via flyplassen, dette vil vere tilpassa flytidene
  • Nytt tilbod Giske og Godøya når Godøytunnelen er fedig rehabilitert
  • Når tunnelane er ferdig rehabilitert, blir det også fleire avgangar på kveld på Giske og Ellingsøya

Nye bussnummer

Alle bybussrutene får nye linjenummer. For å gjere det enklare å vite kva retning bussen går i, får kvar retning sitt eige bussnummer.

Ruteinformasjon

Det blir ikkje lenger produsert trykte rutehefter for kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. Det skal likevel vere lett å finne informasjon om kor tid bussen går. Reiseplanleggar på nett og mobilappen FRAM er gode hjelpemiddel. Du kan også få utskrift av dei rutene du bruker ved å kontakte FRAM Kundesenter på trafikkterminalen på Moa eller kommunane sitt servicekontoret (Ålesund, Giske, Sula og Sykkulven).

Kontaktinformasjon til FRAM Kundesenter

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00
E-post: fram@mrfylke.no