Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Flyttestraumanes betydning for Møre og Romsdal, 2007-2016

Kontaktpersonar

Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. +4798611002
Send e-post

Flyttestraumanes betydning for Møre og Romsdal, 2007-2016

Folketalsutviklinga i fylket og Noreg ser ut til å være på veg inn i ein ny fase. Frå 2017 til 2018 var folketalsveksten den lågaste på 15 år på landsbasis og på 11 år i Møre og Romsdal. 

I tida etter utvidinga av Schengen har Møre og Romsdal og store delar av Noreg vore gjennom ei rekordsterk folketalsutvikling, driven av arbeidsinnvandring - særleg frå Aust-Europa. No ser vi at innvandringa er lågare, utvandringa høgare, og gjennom heile perioden har vi hatt eit flyttetap mot dei andre fylka.

Ønsket med dette notatet er å lage ein liten status på korleis folketalsutviklinga faktisk har vore for kommunane i fylket i denne «vekstperioden», sette den inn i eit historisk perspektiv og synleggjere dei flyttestraumane som påverkar Møre og Romsdal og kommunane i fylket.

Møre og Romsdal har i perioden 2007-2016 vore gjennom ein periode der folketalsveksten har vore rekordhøg, trass at fylket kvart år tapar innbyggjarar til dei andre fylka i landet kvart år. Dette har vore mogeleg då innvandringa har vore langt høgare enn det innanlandske flyttetapet til fylket, sjølv om Møre og Romsdal har det nest høgaste flyttetapet innanlands i perioden av alle fylka.

Det innanlandske flyttetapet til Møre og Romsdal består i hovudsak av personar i aldersgruppa 20-29 år. I alt utgjer denne aldersgruppa 96,4 prosent av det samla flyttetapet i perioden 2007-2016. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer om lag halve flyttetapet i perioden, og har gått frå å utgjere om lag 40 prosent i 2007 til om lag 60 prosent i 2016. Medan innvandringa nådde ein topp i 2012, er det no utvandringa som aukar. Samanliknar ein 2007 med 2016 har innvandringa auka med om lag 30 prosent, medan utvandringa har auka med om lag 160 prosent. Det gir ein nedgang i nettoinnvandringa på om lag 30 prosent.

Fødselsoverskotet har historiske vore det som har skapt folketalsveksten i fylket, men i same periode som innvandringa skaut fart, har fertilitetsratane droppa under kva som er nok for å oppretthalde folketalet. Både regionalt og nasjonalt er fødselsratane rekordlåge.

Det innanlandsk flyttetapet til Møre og Romsdal er størst til storbyfylka Oslo, Sør-Trøndelag og Hordaland, medan fylket får ein liten flyttegevinst mot Sogn og Fjordane og dei tre nordlegaste fylka. Det innanlandske flyttetapet til fylket er i perioden 8 523 personar, noko som betyr at fylket har eit årlege flyttetapet på 852 personar. Det er om lag dobbelt så mange personar som fødselsoverskotet til fylket i 2016 (472 personar) , eller om lag en tredjedel av talet som blei født i fylket i 2016 (2737 personar).

Dette betyr at utan innvandring ville Møre og Romsdal hatt ei negativ folketalsutvikling. Tal for 2016 viser at nettoinnvandringa måtte være på minst 685 personar for at den saman med fødselsoverskotet, kunne motverke den negative innanlandsflyttinga på -1 157 personar same år.

Internflytting i Møre og Romsdal gjev størst flyttegevinst til Kristiansund og Molde, medan utflyttinga frå Ålesund gjev ein solid flyttegevinst til kommunane Sula, Giske og Skodje i perioden. Sunndal, Sande og Vanylven er dei kommunane som har høgast flyttetap grunna den interne flyttinga i fylket.  Totalt har 22 av kommunane flyttetap i perioden, med dei resterande 14 har ein tilsvarande flyttegevinst, på i alt 3 136 personar.

Lenke til:
Notat 2/18 Flyttestraumanes betydning for Møre og Romsdal, 2007-2016