Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Første inntaket for vidaregåande skole er klart

Kontaktpersonar

Cecilie  Buaas Cecilie Buaas
Rådgivar
71 28 03 67
Send e-post
Mette Eikrem  Hestad Mette Eikrem Hestad
Konsulent
71 28 03 71
Send e-post

Første inntaket for vidaregåande skole er klart

9477 søkarar har fått tilbod om plass i 1. inntaket til dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal for skoleåret 2018/2019. I 1. inntaket er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for elevane å svare på om dei vil ha plassen er 13. juli.

Helse- og oppvekstfag er eit av Vg1-tilboda som har venteliste. 

Etter 1. inntaket er det 141 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg1, 84 med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg2 og 54 som ikkje har fått plass på Vg3. Det er om lag dei same tala som i fjor.

2. inntaket blir køyrt i august

- Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når 2. inntaket blir køyrt ca. 7. august. Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skoleplass til skolestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skoleplass, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken. Det er ventelister for å få plass på fleire av Vg1-tilboda. Det gjeld for eksempel naturbruk, helse- og oppvekstfag og teknikk og industriell produksjon.

Formidling til læreplass

742 elevar med ungdomsrett har fått tilbod om læreplass. Dette er 184 fleire enn i 2017.  –Dersom vi reknar alle som har rettar, er 829 ungdommar formidla til læreplass, tilsvarande 748 i 2017 . For søkarane til fagopplæring held formidlinga fram til 1. november, seier Brekken.