Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fru Guri av Edøy: stor interesse for å kjøpe transport og førestilling i same billett

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post

Fru Guri av Edøy: stor interesse for å kjøpe transport og førestilling i same billett

FRAM og Gurisentret samarbeider også i 2018 om å kunne tilby transport og førestilling i ein og same billett.

Du spare både tid og pengar med å kjøpe transport og førestilling i same billett.

–Dette er tredje året at vi har samlebillett. Vi har etablert eit godt samarbeid mellom kollektivtilbodet til fylkeskommunen og eit av dei største kulturarrangementa på Nordmøre,  seier Konrad Lillevevang, som er seksjonsleiar i samferdselsavdelinga.

Stor interesse for samlebillettar

FRAM opplever stor interesse og har hatt eit høgare sal i år, enn på same tid dei to første åra. – Dette kjem nok av at tilbodet har vorte betre kjent. I tillegg kan det tenkast at folk begynner å bli leie av å sitte i ferjekø, når alternativet både er raskare, rimelegare og gir ei betre totaloppleving, seier Lillevevang.

–Vi veit av erfaring at det blir kjøpt flest billettar i veke 27 og 28, så her kan det fort bli tomt for fellesbillettar, seier Lillevevang.

Ekstra fordelar for dei med pakkebillett

Fellesbilletten består av transport med rutebuss frå Kristiansund til Edøy, billett til førestillinga og transport tilbake til Kristiansund ved hjelp av en ekstra avgang med hurtigbåten.  I tillegg får alle med fellesbillett nokre ekstra fordelar:

  • Dei beste plassane i amfiet
  • Eigen køfri inngang
  • Eige følge inn og ut av amfiet
  • Prioritert ombordstiging på hurtigbåten ved retur til Kristiansund

Billettar kan du kjøpe på frammr.no/gurispelet og i FRAM si informasjonsluke på Trafikkterminalen i Kristiansund.

Driftsleder ved Gurisentret, Anne Elisabeh Gjeldnes er positiv til samarbeidet mellom FRAM og Gurisentret. –Gurispelet sett stor pris på samarbeidet med Fram og likar tanken på å reise kollektivt rundt i kulturfylket Møre og Romsdal! Vi ser at tilbodet blir meir og meir populært frå år til år, og det eit knallgodt tilbod, enkelt og rimelig. Her blir også reisa ein del av opplevinga, seier Gjeldnes.