Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkeskommunen fordelte tre millionar til hoppid.no-kontora i kommunane

Fylkeskommunen fordelte tre millionar til hoppid.no-kontora i kommunane

Slik vart fordelinga.

Gründerar kan søke og få opp til 30 000 kr for å teste ut forretningsideen sin. (Illustrasjonsfoto: Flickr)

Det var regional- og næringsutvalet som nyleg fordelte tre millionar hoppid.no-kroner til nær alle kommunar i fylket. Dette er midlar gründerar kan søke om for å teste ut forretningsideane sine.

Kva er hoppid.no-midlane?

hoppid.no-midlane skal bidra til fleire og betre nyetableringar i Møre og Romsdal. Støtta skal hjelpe nyetablerarar å gjennomføre enkle, men avgjerande aktivitetar for å teste ut forretningsidéen sin.

Poenget er å få avklart så tidleg som mogleg kva som trengst for å utvikle ideen til ei levedyktig bedrift. Dette er den første offentlege støtta ein gründer kan få, før det kan bli aktuelt med oppstartslån eller andre finansieringsordningar frå Innovasjon Norge eller andre virkemiddelaktørar.

Gründerar kan søke sitt lokale hoppid.no-kontor  om støtte. Kva gründer kan få inntil 30 000 kroner for sin forretningsidé. Ordninga er unik for Møre og Romsdal.

Slik er millionane fordelt

Pengane er fordelt etter denne modellen*:

  1. Eit likt grunnbeløp til kvar kommune
  2. Restbeløp fordelt etter tal på innbyggjarar i kommunane.
  3. Tilleggsløyving til kommunar med særleg behov for omstilling.

Det er kommunane som forvaltar summen gjennom hoppid.no-kontoret sitt.

Kommune Forslag tildeling 2018
Ålesund 252 809
Molde 112 410
Kristiansund 197 435
Ørsta 100 028
Fræna 115 824
Haram 114 026
Volda 93 146
Sula 92 748
Herøy 77 538
Ulstein 55 443
Giske 34 265
Sykkylven 87 249
Rauma 86 445
Sunndal 84 865
Vestnes 102 564
Surnadal 80 087
Averøy 79 542
Hareid 116 730
Skodje 19 559
Stranda 74 375
Aure 70 046
Aukra 54 865
Eide 89 476
Vanylven 68 424
Tingvoll 68 030
Nesset 87 418
Sande 85 645
Ørskog 64 622
Smøla 64 052
Midsund 63 738
Rindal 63 491
Norddal 61 970
Halsa 61 701
Sandøy 60 222
Stordal 59 212
SUM 3 000 000

 

*Gjeld ikkje for kommunar som har over 85 000 kr ståande ubrukt frå 2017.