Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkeskommunen inviterer til hydrogenseminar under Småkraftdagane i Molde i mars

Kontaktpersonar

Lina Vassdal Lina Vassdal
Rådgivar Energi
71 28 03 42 /
Mob. 934 57 221
Send e-post

Fylkeskommunen inviterer til hydrogenseminar under Småkraftdagane i Molde i mars

Hydrogenseminaret er aktuelt for alle som er interessert i å vite meir om hydrogen, om moglegheitene i Møre og Romsdal og pågående prosjekt. Arrangementet skjer i samarbeid med Småkraftforeninga. 

Bengt Endreset og Lina Vassdal i Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til hydrogenseminar onsdag 13. mars.

Småkraftdagane blir i år arrangert i Molde måndag 11. – onsdag 13. mars på Scandic Seilet. Onsdag ettermiddag kl. 12 – 16 blir det eit eige seminar om hydrogen. Seminaret er gratis for dei som deltar på Småkraftdagane, men det er også mogleg å delta berre på hydrogenseminaret. Då er seminaravgifta 825 kroner inkl. lunsj. 

Klikk her for å melde deg på

Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med å legge til rette for produksjon og bruk av hydrogen. Her finn du ei oversikt over utgreiingar som er gjort (sjå dokument til høgre på sida)

-Vi merkar at det er auka interesse for hydrogen, og ønskjer å formidle kunnskap om kva som pågår i Møre og Romsdal slik at fleire kan få auga opp for moglegheitene. Som eksempel kan ein produsere hydrogen av overskuddskraft frå småkraftverk eller vindkraftverk. Hydrogen kan også produserast på plassar der det er mogleg med kraftproduksjon, men utbygging av kraftnett ikke er lønnsomt. Bruk av hydrogen er i tillegg helt utslippsfritt. Ein vinn-vinn-situasjon, seier rådgivar for energi i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lina Vassdal. 

I løpet av Småkraftdagane vil det også vere mogleg å prøvekjøre ein hydrogenbil. Norsk hydrogenforum skal ha årsmøte på formiddagen onsdag 13. mars, så her vil det vere mogleg å treffe mange dyktige fagfolk.