Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkeskommunen inviterer til seminar om fossilfrie anleggsmaskiner

Kontaktpersonar

Lina Vassdal Lina Vassdal
Rådgivar Energi
71 28 03 42 /
Mob. 934 57 221
Send e-post

Fylkeskommunen inviterer til seminar om fossilfrie anleggsmaskiner

Er du interessert i å teste ut fossilfrie anleggsmaskiner eller kjøretøy gratis i ein periode? Då ønskjer fylkeskommunen å høyre frå deg og inviterer til seminar onsdag 8. mai på Quality Hotel Alexandra. 

Rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune Lina Vassdal (t.v.) og Wenche Nakken Myrseth frå Molde bydrift - park. Foto: Angela Hagen

-Vi arbeider for å få ned klimagassutslepp frå transportsektoren, og no er turen komen til å sjå nærare på korleis vi kan få anleggsmaskiner og anleggskjøretøy til å bli fossilfrie, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune Lina Vassdal. 

-Vi ønskjer å informere om dei fossilfrie kjøretøya og maskinene som allereie finst i marknaden og kva potensiale dette har for framtida. Østfold fylkeskommune har etablert eit prosjekt der kommunar og andre kan teste ut fossilfrie kjøretøy og anleggsmaskiner gratis i ei begrensa periode for å sjå om desse kan passe inn i drifta og om maskinene er eigna til arbeidsoppgåvene. Vi ønskjer å finne ut om det er interesse for å få på plass ei liknande ordning her i Møre og Romsdal. Derfor inviterer vi kommunar, næringsaktørar og alle som er interessert til seminar, seier Vassdal. 

Molde kommune bydrift

Molde kommune er ein av dei som allereie har meldt seg på. –Molde kommune ønskjer å drive mest mogleg miljøvennleg, og vi er åpne og nysgjerrige på ny teknologi, seier driftsleiar i Molde bydrift - park, Wenche Nakken Myrseth. 

Lina Vassdal oppmodar no alle som er interessert til å melde seg på seminaret.  

Seminaret skjer på Quality Hotel Alexandra tysdag 8. mai, der vi blant andre får besøk av Østfold fylkeskommune for å høyre om erfaringane deira.  

Gå inn på kalenderen til mrfylke.no og meld deg på. Det kostar ingen ting å delta.

Bilde 2: fagarbeidar Anders Stokkeland og driftsleiar Wenche Nakken Myrseth frå Molde bydrift - park og rådgivar Lina Vassdal i Møre og Romsdal fylkeskommune v/Energiregion Møre. Foto: Angela Hagen