Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkeskommunen løyver 1,3 mill. kroner til landbrukstiltak

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
71 28 40 95 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Ass. regional- og næringsjef
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Fylkeskommunen løyver 1,3 mill. kroner til landbrukstiltak

Mentorordning for bønder, traktorkurs for kvinner, avløysarkurs for nybyrjarar og nettbasert agronomkurs for vaksne er nokre av tiltaka som får støtte.

Foto: Aadne Runar Haarr, Gjermundnes VGS

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått tildelt 1 036 000 kroner frå jordbruksavtalen som skal gå til rekrutterings- og kompetansehevande tiltak for næringsutøvarar som kan styrke og ivareta verdiskapinga i landbruket regionalt.

Mentorordning for bønder

Landbruk Nordvest ønskjer å etablere ei mentorordning for bønder i Møre og Romsdal. Landbruk Nordvest er ein medlemsorganisasjon som tilbyr avløysartenester og fagleg rådgjeving overfor landbruket i Møre og Romsdal. I første omgang er målet å få i gang 10 mentorar. Aktiviteten skal bestå i å rigge opplegget, rekruttere mentorar og deltakarar og arrangere samlingar for desse.

«Det har alltid vore slik at erfarne bønder har lært opp nybyrjarane, lenge før nokon fann på å kalle dette for «mentoring». Men i takt med rasjonaliseringa i landbruket vert det lenger mellom dei aktive bøndene, og dermed også mindre av den uformelle mentortenesta som har føregått «over gjerdet». Vi trur difor på behovet for å starte ei organisert mentorteneste for landbruket i Møre og Romsdal» heiter det i saksframlegget.

Gjermundnes VGS – agronomkurs for vaksne 2018

Eitt anna tiltak som fekk støtte er agronomkurs for vaksne i regi av Gjermundnes vidaregåande skole. Gjermundnes fekk i 2016 støtte frå denne ordninga til å gjennomføre agronomkurs for vaksne. Dette kurset fekk over 30 søkjarar på 14 plassar, og er no godt i gang. Den store interessa viser at det er marknad for ei ny runde, og Gjermundnes planlegg nye kurs i perioden 2019-2021. Fylkeskommunen støttar tiltaket med 883 600 kroner.

Regional- og næringsutvalet behandla saka onsdag 2. mai 2018. Desse tiltaka fekk støtte:

Søkar Tiltak Tilskot inntil kroner
Landbruk Nordvest Mentorordning for bønder i Møre og Romsdal 100 000
Landbruk Nordvest Kurs for kompetanseheving i landbruket 129 300
Gjermundnes VGS Nettbasert agronomkurs for vaksne 883 600
Norsk Landbruksrådgiving Vest Kompetanseheving om biogass i Ørsta/Volda 100 000
Mære landbruksskole MRmat 2018 og 2019 90 000

Her kan du lese heile saksframlegget.