Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > -Fylkeskommunen må tenke som ein gründer

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

-Fylkeskommunen må tenke som ein gründer

Når Staten struper pengesekken, er det på tide å tenke nytt. Også for ein fylkeskommune som skal drive samfunnsutvikling.

Regional- og næringssjef Bergljot Landstad (foto: Terje Aamodt) 

Regional- og næringssjef Bergljot Landstad er ein av dei som har følgt med i timen.–Vi hentar inn meir pengar til utvikling av Møre og Romsdal enn nokon gong før, seier ho.

Landstad er sjef for den minste avdelinga i fylkeskommunen: regional- og næringsavdelinga. Her er det ikkje drift, men utvikling som er kjernen. Avdelinga har ansvar for å utvikle næringslivet, styrke forsking og innovasjon og utvikle byar og tettstadane i Møre og Romsdal. Avdelinga forvaltar statlege og fylkeskommunale midlar som er øyremerka dette formålet. Men dei siste åra har dei regionale utviklingsmidlane frå staten gradvis krympa.

-Dei store statlege pengestraumane går til universitetsregionane. For å bygge høgare utdanning og forsking, som er viktig for regionen vår, må vi vere på offensiven. Det same gjeld for byutvikling og for næringsutvikling. Vi har ein struktur med tre mellomstore byar og fleire tettstadar, og vi har eit næringsliv som består av mange små bedrifter. Skal vi greie å konkurrere med dei store byregionane andre stadar i landet, må vi rett og slett jobbe på ein annan måte, seier Landstad.

Bygger prosjektuviklingskompetanse

Regional- og næringsavdelinga har bygd opp kompetanse på å drive fram gode utviklingsprosjekt og  på å skaffe ekstern finansiering, enten frå andre statlege midlar eller frå EU. I løpet av dei fem siste åra har avdelinga henta inn 217 mill. fleire utviklingskroner til Møre og Romsdal, i tillegg til overføringane frå departementet. I 2018 henta avdelinga inn 48 mill. kroner i nasjonal og internasjonal konkurranse til utviklingsprosjekt i fylket.

-Utviklinga av fylket kan ikkje stoppe opp. Det er viktig at vi driftar vegar og skole, men vi må ha noko å reise til. Vi må ha eit konkurransedyktig næringsliv, eit mangfald av arbeidsplassar og sørge for at folk trivst i byane og tettstadane. Det eine er avhengig av det andre, seier Landstad.

Dette er nokre av dei utviklingsprosjekta som avdelinga henta ekstern finansiering til i 2018

  • 15 mill. kroner for å utvikle gründertenesta hoppid.no. Avdelinga leier prosjektet som har 5 partnarland og er støtta av EU
  • 8 mill. kroner til å utvikle nye løysingar for vedlikehald og bygging av bruer. Støtta av  Innovasjon Noreg
  • 12,5 mill. kroner til å utvikle framtidsretta persontransport på sjø, autonome båtar i byområda kopla til andre transportformer på land. Prosjektet er støtta av Samferdselsdepartementet
  • 5,5 mill. kroner til innsats for å redusere marin forsøpling. Prosjektet er støtta av Miljødirektoratet
  • 3,7 mill. kroner knytt til ungdom og grøne arbeidsplassar. Finansiering frå EU

Ei krone blir til tre

Dei fylkeskommunale og statlege regionale utviklingsmidlane er fortsatt svært viktige for Møre og Romsdal. Alle midlane går uavkorta til prosjekt rundt i heile fylket, og er utløysande for at prosjekt blir sett i gang. Erfaring viser også at når midlane blir sett i arbeid, utløyser dei to-tre gonger så mykje fordi søkaren og andre også legg pengar i potten.

-Å drive utviklingsarbeid er eit spleiselag. Det same kravet om eigenfinansiering som vi stiller for å vere med å utløyse utviklingsprosjekt i fylket, møter avdelinga også når vi skal ut og konkurrere om nasjonale og internasjonale prosjektmidlar. Eigenfinansiering er viktig for å sikre at prosjekt har eigarskap og er prioritert for å realisere viktige samfunnsmål.

I fleire år har Møre og Romsdal også lege lågt på tal nyetableringar. Møre og Romsdal fylkeskommune har derfor prioritert å utvikle ei effektiv og samordna teneste for nyetablerarar, og har etablert landets mest komplette etablererteneste, hoppid.no. Dette er ei kvalitetssikra etablererteneste som er tilgjengeleg over heile fylket. Talet på nyetablerarar og overlevingsevne har auka. Tenesta må heile tida vidareutviklast, derfor har vi henta inn nasjonale midlar og midlar frå EU til dette.

Konkurrerer med storbyane

Arbeidet med by- og tettstadutvikling har ein langsiktig effekt, og er viktig for å konkurrere med dei større byregionane og tiltrekke folk. Gjennom prosjektet Byen som regional motor og Tettstadprogrammet har utviklingsmidlar frå fylkeskommunen bidratt til investeringar og byutviklingstiltak kommunane ikkje ville makta åleine. I byane har tiltaka skapt utbygging i byrom, testing av nye kollektivløysingar, tiltak for å auke handel og opplevingar i byane, ungdomstiltak, campusutvikling mm.

Møre og Romsdal har mange små bedrifter. For å bidra til å bygge sterke kompetanse- og bedriftsmiljø har avdelinga prioritert å arbeide med utvikling av bedriftsnettverk og klyngesamarbeid, og å utvikle høgare utdanning og forsking på området som er viktig for utvikling av regionen  vår.  Dette også for å nå fram i konkurransen om både om statlege midlar til klyngesamarbeid og til næringsdrevne forskingsprosjekt. Vi ser at dette har effekt, både i vekst i bedriftssamarbeid, innovasjonsaktivitet og uttelling i statleg finansiering.  Veksten i FoU-innsatsen i Møre og Romsdal i perioden 2011 – 2016 var på heile 96 prosent Av dette står næringslivet for 79%, forskingsinstitutta for 10% og høgskolesektoren for 11% (kjelde: Forskingsrådet)