Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkeskommunen skal søke om å bli programfylke for folkehelsearbeid frå 2019

Fylkeskommunen skal søke om å bli programfylke for folkehelsearbeid frå 2019

Det er behov for meir kunnskap og erfaringar om psykisk helse og rusførebyggjande arbeid i Møre og Romsdal. Undersøkingar og kartleggingar på nasjonalt nivå syner ei negativ utvikling på desse områda, og Møre og Romsdal ligg tett på landssnittet. Dei fleste kommunane i fylket har ikkje ein heilskapleg strategi og ei felles tenking om oppvekstvilkåra for barn og unge.

Barn og unge i alderen 0-24 år er ei prioritert målgruppe for programmet om folkehelse.

Illustrasjonsfoto: pixabay.com

Dette vil ein no prøve å gjere noko med, og fylkestinget har vedtatt at Møre og Romsdal skal søke om å bli programfylke innanfor folkehelse. Programmet er i regi av KS og Helse- og omsorgsdepartementet. Søknaden blir sendt inn i januar, etter at den er godkjent av fylkesutvalet.

Skal arbeide for førebyggjande arbeid innanfor psykisk helse og rus

Folkehelseprogrammet si hensikt er å styrke det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i kommunane. Ved programslutt skal kommunane ha meir kunnskap om korleis dei kan arbeide med førebyggjande arbeid innanfor psykisk helse og rus.

Fylkeskommunen som regional samordnar

Som programfylke er det venta at fylkeskommunen tek ei regional samordningsrolle. Rolla inneber mellom anna:

  • Vere regional program- og prosjektleiar
  • Stimulere til utvikling av lokale tiltak gjennom samarbeid med kommunar, kompetanse- og forskingsmiljø og andre relevante aktørar som Fylkesmannen, NAV, KS, ungdommar og frivillige
  • Knytte forskingsmiljø til tiltaksutvikling slik at dei tiltaka som er eigna for forsking blir forska på
  • Etablere eit regionalt samarbeidsorgan for å forankre utviklingsarbeidet i kommunane og knytte forskingskompetanse til tiltaka

Dette er det nasjonale folkehelseprogrammet

  • KS og Helse- og omsorgsdepartementet, har gått saman om å etablere eit tiårig nasjonalt program: «Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017-2027» (folkehelseprogrammet).
  • Målet er å betre kommunane sitt arbeid med å fremje befolkninga si psykiske helse og livskvalitet, samt fremje rusførebyggjande arbeid.
  • Det skal leggjast vekt på å utvikle metodar og tiltak for å styrke barn og ungdommar sine eigne ressursar, deltaking og aktivitet i lokalsamfunnet, og hindre utestenging.
  • Barn og unge i alderen 0-24 år er ei prioritert målgruppe, medan resten av befolkninga er sekundær målgruppe.
  • Fylkeskommunane søker om å bli programfylke for ein periode på inntil 6 år.
  • Årlege løyvingar frå Helsedirektoratet vil vere på 5-10 mill. kroner per fylke føresett løyve over statsbudsjettet.
  • Det er eit mål at alle fylkeskommunane skal bli med i programmet. 

I saksframlegget kan du lese meir om saka