Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkeskommunen støttar Ålesund, Molde og Kristiansund med 23,6 mill. byutviklingskroner

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
71 28 40 95 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Fylkeskommunen støttar Ålesund, Molde og Kristiansund med 23,6 mill. byutviklingskroner

Ungdomshus, bysyklar, vinterbelysning, opprusting av gater og plassar er blant tiltaka som får støtte. 

Byens ansikt: Både Kristiansund og Molde får støtte til arbeidet med å finne tilbake til dei opprinnelege fargepalettane for gjenreisingsbyane. Her er Mette L’Orange, professor i farge frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og kunstnar med spisskompetanse på mural-/kalkmaleri, Bent Erik Myrvoll, i arbeid med paletten for Molde. Foto: Bent Erik Myrvoll. 

I vår lyste fylkeskommunen ut midlar til byutvikling gjennnom prosjektet Byen som regional motor. 

-Vi har prioritert dei tiltaka som er "gryteklare" og kan realilserast på kort sikt, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim. -Vi har også lagt vekt på at tiltaka skal vere eit spleiselag mellom fylkeskommunen, kommunen og private aktørar, seier han.

Ålesund

Universitetsbyen Ålesund får til saman 7 450 000 kroner. Dette er nokre av tiltaka: 

  • Bysyklar. Dette har vore etterspurd lenge, og Ålesund får 1 500 000 kroner til eit pilotprosjektet for å prøve ut ei ordning med bysyklar mellom sentrum og NTNU. 
  • Ung i byen. Ålesund mangla rein rusfri konsert- og kulturarena for ungdom. Kommunen har funne eit eigna lokale i sentrum, i forkant av Waterfront hotel ved Kulturhamna. Huset er verna og kan ikkje rivast. Fylkeskommunen støttar kostandar til scene, lysrigg, lydisolering og lydstudio med 1 300 000 kroner.
  • Smart Sirkulær by. Prosjektet skal bidra til å utvikle smarte og miljøvenlege avfallsløysingar i byen og regionen. Ålesundsregionen interkommunale miljøselskap, Tafjord Kraft og NTNU er samarbeidspartar. Fylkeskommunen støttar tiltaket med 1 500 000 kroner.

Molde

I den første perioden av Byen som regional motor-prosjektet, har Molde arbeidd med planar for utvikling av sentrum. No er dei i gang med å realisere planane gjennom ei rekke tiltak. Molde får 6 630 000 kroner i støtte, og blant desse tiltaka finn vi: 

  • Parkering i Molde sentrum. Molde kommune ønskjer å redusere gateparkering og leitetrafikk i sentrum og gjere sentrum til ein meir attraktiv stad fro dei mjuke trafikantane. Fylkeskommunen støttar tiltaket med 750 000 kroner.
  • Ung i Molde – Ungdomskvartalet. Molde får 1 430 000 kroner for å utvikle ein møtestad og eit kulturbasert firtidstilbod der ungdom kan føle seg trygge og velkomne.
  • Vinterbyen Molde. Molde kommune og Molde sentrum AS ønskjer å få vinterbelysning i parkområde og i sentrumsgatene. Tiltaket blir støtta med 1 000 000 kroner.

Kristiansund

Kristiansund får 8 820 000 kroner i støtte. Kristiansund kommune er den kommunen i Møre og Romsdal som har kome lengst i dititaliseringa av kommunale tenester. Dei er også så nytenkande i byutviklinga at dei blir invitert til konfreransar både nasjonalt og internasjonalt for å forelle om kva dei gjer i praksis. Her er nokre av tiltaka Kristiansund får støtte til:

  • Digitalisering Smart by. «Red box» er eit døme på ein ny og morosam måte å kommunisere med publikum på. Boksen skal kunne flyttast rundt i byen, til dømes på Rådhusplassen, utanfor skolane eller andre plassar der folk oppheld seg. Innhaldet i boksen vil heile tida bli oppdatert. Fylkeskommunen støttar tiltaket med 2 000 000 kroner.
  • Den polykrome byen. Kristiansund er ein gjenreisingsby og ønskjer å finne tilbake til den opprinnelege fargepaletten for den polykrome byen frå 1940 – 1965. Tiltaket blir støtta med 375 000 kroner.
  • Sentrum 18. Det er stort behov for å ruste opp gater og plassar. Når den nye campusen er på plass, og det blir mange fleire studentar i byen, er det viktig at byen står fram som ein attraktiv stad å vere. Fylkeskommunen støttar dei prioriterte tiltaka med 4 mill. kroner.

Regional- og næringsutvalet behandla saka 12. juni. Her finn du lista over alle tiltaka som får støtte

Byen som regional motor:

-Målet er å utvikle byane og styrke regionane rundt byane
-Samarbeid mellom Molde, Ålesund og Kristiansund kommune og fylkeskommunen
-Lokale arbeidsgrupper utviklar eigne tiltak
-Bysentrum, samferdsel og utdanning/kompetansemiljø
-Styringsgruppa består av ordførarar og rådmenn i fylkeskommunen og dei tre bykommunane