Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkeskommunen støttar trainee-ordning i Molderegionen

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
71 28 40 95 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Fylkeskommunen støttar trainee-ordning i Molderegionen

Etter ei kraftig omstilling er mange bedrifter i Molderegionen på jakt etter folk igjen. Molde Næringsforum ønskjer å blåse nytt liv i trainee-ordning for regionen.

-Det er positivt at det blir tatt initiativ til å relansere traineeprogrammet, det vitnar om auka aktivitet i næringslivet. Slike program kan også bidra til å spreie kunnskap og auke attraktiviteten til næringslivet i heile fylket, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

Møre og Romsdal fylkeskommune støttar tiltaket med inntil 360 000 kroner.

Utvidar nedslagsfeltet

Det har eksistert ei trainee-ordning i Molderegionen tidlegare, nemleg Trainee Ingeniør Molderegionen. Ordninga eksisterte fram til for eit par-tre år sidan, då fallande oljepris snudde utfordringane frå rekruttering til nedbemanning. Den nye trainee-ordninga skal rekruttere til alle bransjar og alle typar fagområde, på bachelor- og masternivå.

Effektivt verkemiddel

Møre og Romsdal har Kom Trainee i Kristiansundsregionen eksistert sidan 2006 og har rekruttert over 50 høgt utdanna personar til regionen. Denne ordninga har fått tilsvarande støtte frå fylkeskommunen. På Sunnmøre har fleire av dei store bedriftene eigne trainee-program.

- NOU-rapporten «Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet» viser at regionale trainee-ordningar er effektive verkemiddel for å rekruttere kompetent arbeidskraft, og for å auke attraktiviteten til regionale arbeidsmarknader for høgt utdanna. Dette har både Kom Trainee og TiM vist i praksis, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Regional- og næringustvalet behandla saka tysdag 13. mars