Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkeskommunen støttar utviklinga av Helseinnovasjonssenteret

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
71 28 40 95 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Fylkeskommunen støttar utviklinga av Helseinnovasjonssenteret

Fylkeskommunen løyver inntil 1,5 mill. kroner til Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund og går inn som samarbeidspart saman med andre lokale og regionale aktørar. I august blir det møte med helseministeren. 

Skjermdump av nettstaden helseinnovasjonssenteret.no

Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund skal bli eit nasjonalt senter for helseteknologi, tenesteinnovasjon og helsenæring og er retta mot sentrale utfordringar i helse- og omsorgstenestene. Det ligg eit særskilt potensial i å forbetre samhandlinga mellom primær- og spesialistheletenesta, og her vil innovasjonssenteret ha ei nøkkelrolle.

-Det er sterk konkurranse om å ta denne posisjonen, og derfor er det viktig at heile regionen stiller seg bak arbeidet, seier leiar for regional- og næringsutvalet Runar Vestheim. -Senteret kan få svært positiv innverknad på helsetenestene i vårt fylket og for talet kompetansearbeidsplassar, seier han.

Møte med helseministeren

Prosjektleiar for prosjektet Statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal, Oddbjørn Vassli, seier at partane i avtalen no er klar: Orkidé, Kristiansund kommune, Helse Møre og Romsdal HF og Møre og Romsdal fylkeskommune. Avtalepartane skal saman med Fylkesmannen møte helseminister Bent Høie i august for å drøfte Helseinnovasjonssenteret si framtid.

Fylkeskommunen vil vere med å finansiere tiltak som trengs for å gjennomføre utviklinga av senteret ut 2019. 

Helseinnovasjonssenteret, som opna dørene i mars 2017, fekk ei løyving på 12 mill. kroner over statsbudsjettet for å utvikle ideen i eit 2-årig prosjekt. Ei viktig målsetting er at senteret frå og med 2020 skal ha fast grunnløyving til verksemda over statsbudsjettet.

Det er regional- og næringsutvalet som har behandla saka for fylkeskommunen. Her finn du saksframlegget