Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkeskommunen vidareutviklar gründertenesta hoppid

Kontaktpersonar

Malene Aaram Vike Malene Aaram Vike
Prosjektleder
71 28 03 08 /
Mob. 918 93 231
Send e-post
May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post

Fylkeskommunen vidareutviklar gründertenesta hoppid

EU-prosjektet OSS, som skal gjere det lettare for gründerar å starte bedrift, går på skinner. Nyleg var partnarane, med hoppid i spissen, samla i Hampshire i Sør-England for å diskutere framdrift og digitalisering.

Frå venstre: Malene Aaram, prosjektleiar Møre og Romsdal fylkeskommune, Richard Burns og Henriette Reinder frå partnar-regionen Hampshire. 

I fjor fekk Møre og Romsdal fylkeskommune 15 mill. kroner frå EU til å drive eit prosjekt OSS (One Stop Shop). Vi samarbeider med regionar i England, Bulgaria, Spania, Slovenia og Polen om å betre forholda for etablerarar i Europa.

Prosjektet er inne i det andre semesteret (av i alt ti), og førre veke var det samling i regionen Hampshire i England. Temaet for samlinga var digitalisering, noko som er spesielt aktuelt for gründertenesta hoppid som arbeider med å utvikle ei heildigital etablerarteneste.

-Det har vore to vellykka dagar i Hampshire. Alle partnarlanda melder tilbake at dei har fått innspel til løysingar dei ønskjer å jobbe for å innføre i eigen region, seier prosjektleiar Malene Aaram Vike.

hoppid i Hampshire
hoppid partnarskap

Frå Møre og Romsdal reiste partnarskapen frå hoppid, representert ved May-Britt Roald frå fylkeskommune, Alfred Øverland frå Innovasjon Noreg og Martin Folldal frå Kulturnæringshagen i Volda.

-Gruppa frå Møre og Romsdal jobba godt, og diskusjon rundt moglege løysingar for korleis vi kan forbetre hoppid, vår eiga gründerteneste, har gått høgt, seier Roald. 

Her kan du lese meir om OSS-prosjektet

Derfor er desse landa med i prosjektet:

Noreg ønskjer auka tilfang av gode førstegangsetablerarar, betre samhandling av offentlege gründertenester og auka overlevingsgrad. Noreg v/Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjektleiar.

England ønskjer å legge til rette for ei meir heilheitleg gründerteneste og auka overlevingsgrad. Tenesten i dag er fragmentert, etablerarar veit ikkje kvar dei kan få hjelp og råd.

Bulgaria har dei siste åra hatt færre nye bedrifter. Dei ønskjer å snu trenden ved å betre forholda for nyetablering. eit fall i tal registrerte nye bedrifter

Spania ønskjer å auke tal etablerarar ved å bygge ein sterkare kultur for entreprenørskap, særleg blant yngre. 

Slovenia slik med svak entreprenørskapskultur og liten vilje til å etablere nye bedrifter. Dei ønskjer å bygge ei sterkare førstelinjeteneste.

Polen har mange foretak som er eig av utanlandske landet å auke talet på dei som vil drive eiga bedrift. Komplett førstelinjeteneste er viktig.

OSS Interreg Europe