Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkeskulturkonferansen 2012

Kontaktpersonar

Anne Lise Reitan
Konsulent driftsseksjonen
71 28 02 99 / Mob. 980 33571
Send e-post

Fylkeskulturkonferansen 31.10- 01.11 2012

Årets kulturkonferanse blir arrangert 31.10-01.11 i Kristiansund.  Konferansen er aktuell for politikarar, kommunane, kulturinstitusjonar, frivillige lag/organisasjonar og andre samarbeidspartar i kulturlivet.

All påmelding skjer elektronisk, fristen gjekk ut fredag 5.oktober.

Direktør i Norsk Kulturråd, Anne Aasheim kjem til fylkeskulturkonferansen

I samarbeid med Kristiansund kommune inviterar fylkeskulturavdelinga til årets kulturkonferanse 31.10-01.11 i Festiviteten, Kristiansund.

Tema for årets konferanse er mellom anna:

  • Fylkesplan og handlingsprogram for kultur
  • Kåring av Årets kulturkommune
  • Norsk Kulturråd sine tilskotsordningar
  • Regional delplan for kulturminne

Fylkeskulturavdelinga har avtale med Thon Hotell Kristiansund, Innlandet, der vi også skal ete middag. Ved påmelding til konferansen merkar de av om de ønskjer overnatting. Oppgjer for rom og middag skjer direkte med hotellet ved avreise. Avtale om faktura for hotellrom og middag må gjerast på førehand, og hotellet krev stadfesting på dette.

Dei som kjem tidlig og det er mogleg for, oppfordrar vi til å sjekke inn på Thon Hotell Kristiansund, Innlandet før konferansen tek til. 

PROGRAM: ONSDAG 31.10.

10:45  Oppmøte og registrering i Festiviteten m/kaffe og rundstykker

11:15  Kunstnerisk innslag og velkommen,

  • Ordfører i Kristiansund Per Kristian Øyen

11:30  “Eit blikk på Møre og Romsdal som kulturfylke”

  • Direktør for Kulturkvartalet Nils Anker

12:15  “Kulturpolitikk og kultursamarbeid i Møre og Romsdal”,

  • Leiar i kultur- og folkehelseutvalet Kristin Sørheim

12:30  Lunsj

13:30  “Fylkesplan for Møre og Romsdal 2013 – 2016 "

  • Fylkeskultursjef Arvid Blindheim

13:45  Fylkesplan for kulturfeltet “What`s in it for me?”

  • Martin Foldal, dagleg leiar Volda kulturnæringshage.
  • Evy Sisilie Bergum, biblioteksjef i Molde.
  • Stein P. Aasheim, Fjellfestivalen i Rauma. Frivillighet, friluftsliv og folkehelse

14:30  Kaffepause og frukt

14:45  Handlingsprogram kultur 2013,

  • Rådgivar Carina Stokke
  • ass. Fylkesplansjef Heidi-Iren Wedlog Olsen

15:30  Tilbakemelding og oppsummering

16:30  Kåring av Årets Kulturkommune i Møre og Romsdal,

  • Norsk Kulturforum (NOKU)

16:50  Vandring til Nordic Light sine utstillingslokale

17:00  Opning av kunstutstilling, Nordic Light

17:45  Avgang med Sundbåten til Innlandet og Thon Hotell

19:30  Middag på Thon Hotell

PROGRAM: TORSDAG 01.11.

08:42  Avgang med Sundbåten til Kirkelandet

09:15  Oppstart konferansen. Kunstnerisk innslag

09:30  Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi,

  • Prosjektleiar Jens Peter Ringstad

10:15  Kaffe og frukt

10:30  Norsk Kulturråd og dei ulike tilskotsordningane. Korleis får vi auka søknadsmengden av kvalifiserte søknader frå Møre og Romsdal,

  • Direktør Anne Aasheim.

12:30  Sluttord

13:00  Lunsj (på Festiviteten) og heimreise.