Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkesordførar Jon Aasen sin tale til fylkestinget

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post

Fylkesordførar Jon Aasen sin tale til fylkestinget

Fylkesordførar Jon Aasen holdt i dag sin årlege tale til fylkestinget. Talen er den siste Jon Aasen vil halde som fylkesordførar, og tingsamlinga er den siste samlinga i denne valperioden.

Jon Aasen har heldt sin siste tale som fylkesordførar. 
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkesting, administrasjon, presse, gode forsamling.

Årets tale til fylkestinget vert spesiell. Ikkje berre er det talen til fylkestinget ved utgangen av ein valperiode, det er min siste tale til fylkestinget og det kjennest spesielt. Vemodig er ikkje ordet. Meir som skrekkblanda fryd. Dei som har sett fram til at dagens fylkesordførar og dagens posisjon skal få avløysing, får sitt ønske oppfylt. Etter valet i haust vil nytt regime ta over. Naturlegvis er det spennande. Dei fleste på vallistene har eit realistisk forhold til om dei vert innvalde eller ikkje. For nokre vallister vil spenninga vere om lista i det heile vert representert, for dei meir etablerte listene ligg spenninga i kor mange representantar listene får inn.

Personleg vert dette første valet sidan 1979 der eg ikkje står på liste for Arbeiderpartiet. Eg er samd med dei som no tenkjer at då er det på høg tid at du gir deg. Den konklusjonen kom eg til for om lag eit år sidan etter ei periode med tvil der eg fyrst takka ja til ei ny periode. Eg kjenner tydeleg på at det var rett å ombestemme seg.

Svært mange av fylkestinget sine medlemmer har takka ja til å fortsetje. Det skal de ha respekt og takk for. Ganske mange har takka nei. Dei skal ha same takka og den same respekten. Takk for innsatsen og respekt for sin konklusjon om å takke for laget.

Lokaldemokratiet står og fell på at folk vil delta. Det er vel difor lovverket ser på deltaking i lokaldemokratiet som ei samfunnsplikt. Du skal ha grunnar for å takke nei til å stå på liste ved val om du ikkje har delteke tidlegare. Du skal faktisk ha gode grunnar for at grunnen til fritak skal bli akseptert. Ein av dei sikraste grunnane til fritak er om du vert sett opp på ei liste som konkurrerer med det partiet du er innmeld i. Det var slik eg kom inni lokalpolitikken. Eg vart nominert inn på ei bygdaliste og bad meg stroken for eg var medlem av Arbeidarpartiet. Då var vegen kort til å kome på den lista, og der har eg vore sidan. Men no er det jamt slutt . Ikkje slutt på politisk engasjement og partitilknytning, men slutt på å stille til val på kommune- eller fylkesting.

Innhaldet i talen vert ikkje eit meir eller mindre nostalgisk tilbakeblikk på tida som har vore. Eg finn det naturleg å sjå litt tilbake, men fyrst og fremst konsentrere meg om notida og framtida. Fylkesordføraren sin tale til fylkestinget er ikkje ei partipolitisk vedkjenning eller eit partipolitisk syn på notid og framtid. Eg har heile tida som fylkesordførar prøvd å vere fylkesordførar for alle i fylkestinget og prøvd å vere samlande. Det er gruppeleiarane og tingmedlemmene som kan ikle seg partibunaden og med partisyn kommentere dagsorden. Eg vil meine at det har fungert bra.

Denne fylkestingsperioden er inne i sitt siste halvår, og dette fylkestinget er inviterte til å gjere vedtak om økonomisk og administrativ framtid. Og det kjem fylkestinget til å gjere, vel vitande om at dette er berre fyrste kapittelet i ein økonomiplan med mykje sterkare krav om økonomisk tilpassing til ei krevande verkelegheit dei komande åra.

Eg vil starte med den nære fortida for å kunne kommentere dagens situasjon.

Talen min til fylkestinget i 2018 var ein tale med eit optimistisk syn på regionreforma. Innstillinga frå ekspertutvalet var det beste dokumentet eg så langt har lese når det gjeld fylkeskommunen og framtida til det regionaldemokratiske nivået. Det var etter mitt syn kloke og gjennomtenkte konklusjonar som blei presenterte. Klokskapen bestod i at det vart rydda plass til fred og fordragelegheit mellom dei tre forvaltningsnivåa, kommune region og stat. Det vart teikna eit bilde på tre gode venner som oppfylte kvarandre og kvar for seg hadde fornuftige ansvarsområde. Staten vart oppmoda til å overføre større ansvar til lokaldemokratiet, heilt i tråd med det som kommune og fylke har bedt om i lang tid. Endeleg skulle lokaldemokratiet bli sett på som likeverdige og ansvarsfulle aktørar i samfunnsmaskineriet med auka makt over eigen kvardag.

Her er det fristande å seie; så feil kunne ein ta. Når eg likevel ikkje seier det, så er det fordi vi framleis er i ein prosess. Siste ordet er ikkje sagt når det gjeld regionane og regionane sitt forvaltningsansvar. Nokre nedturar har det vore. Innovasjon Norge blir ikkje slik vi optimistisk trudde. Innovasjon Norge vert framleis styrt av eit sentralt styre med delegert mynde til regionkontora, men utanfor regionalpolitisk styre og dermed utanfor regionalpolitisk innflytelse. Innanfor kultursektoren er det framleis usikkert kor stort ansvarsområde vi får. På utdanning er det som det har vore. Den store saka er overtaking av arbeidsgjevaransvaret for Statens Vegvesen. Poenget med overføringa er at vi som stor vegeigar også skal ha hand om kompetansen på prosjektering og utføring. Målet er ein meir kostnadseffektiv organisasjon som ikkje berre finansierar, men også prosjekterar og står for gjennomføringa. Vegdirektoratet stritta imot lenge, men det er vel rett å seie at regjeringa skar i gjennom og definerte situasjonen. Vi fekk ei to-deling av Statens Vegvesen. Landsdelsansvar og regionansvar. Pr dato er det ikkje heilt fastspikra korleis dette i praksis vil sjå ut og framleis gir vi innspel til regjeringa om korleis vi meiner det bør vere.

Sjølv om regionreforma er eit steg i rett retning, løyser det ikkje dei grunnleggande problema; manglande statleg overføring til dagens ansvar og tenesteproduksjon. Det er ikkje slik at den var på plass før regionreforma. I min første tale til fylkestinget trur eg at eg lanserte utsegna:» Når du handlar med Staten veit du at du vert lurt på vekta.»

Problemet er at vi har ingen andre å handle med.

Sjeldan har det vore større gap mellom ansvar og økonomiske musklar. Vi kan nemne i fleng;

Ny generasjon ferger, batteriferger.

Tunnelsikkerheitsforskrifta.

Etterslepet på oppgradering av fylkesvegane.

Rassikring.

Eg les med tilfredsheit at opptil fleire leiarartiklar i dei største avisene i fylket støttar fylkeskommunen i kravet om meir midlar til gjennomføring av våre oppgåver.

Vi har gitt innbyggarane våre eit fergetilbod utover det vi får overført midlar til frå staten. Det har vi gjort fordi vi ser at det er nødvendig med auka oppetid på sambanda og nødvendig med fleire avgangar. Alle forstår kvifor. Difor er det skuffande når det på Stortingets talarstol vert poengtert kor viktig det er med utsleppsfrie ferger for å nå måla i internasjonale måsettingar om utsleppsreduksjonar. Ord som grønt skifte vert brukt som honørord på den energipolitiske utviklinga. Fylkestinget i Møre og Romsdal er samd i retninga på energipolitikken. Vi er samd i at når det er utvikla utsleppsfrie ferger, så skal dei setjast i drift med rein og fornybar energi. Alle forstår at den investeringa i ferger, ladestasjonar og kanskje linjeframføring til ladestasjonane har ein kostnad. Når vi som regional myndigheit er lojale overfor statlege signal, så ventar vi å bli premierte. Ikkje med gode ord, men med overføringar som dekkjer våre investeringskostnader. Fergedelen av samferdselsansvaret er i dag ikkje økonomisk berekraftig. Vi kan rett og slett ikkje halde fram med dagens tilbod utan å få det kompensert. Det vert vanskelege politiske vedtak. Vi må ta ifrå innbyggarane våre eit tilbod som dei i dag ser på som eit nødvendig tilbod og som mange har planlagt dagen sin utifrå. Alle forstår at det ikkje vert lett.

Eg må i same slengen få lov kort å kommentere Tunnelsikkerheitsforskrifta.

Vi fekk ein utsatt frist til 1.januar 2025 med å oppgradere tunnelane våre. På junitinget for to år sidan kasta fylkestinget boktaveleg talt inn handkledet. Då såg fylkestinget at pengane ikkje følgde med forskrifta og vi sa stopp. Planane for vidare oppgradering vart lagde på vent fordi kassa var tom. Fylkestinget sa at oppgradering etter 2019 må følge overføringane frå staten. Den gongen vart planar for oppgradering berekna til 750 millionar kroner sett på vent.

I desse dagar les eg i avisene at Møre og Romsdal fylkeskommune kan pårekne dagbøter om ikkje dokumenterte avvik vert retta opp. Eg har i skrivande stund ikkje oversikt over verken minimumskrav eller pålegg, men det er ikkje vanskeleg å forstå at slik kan vi ikkje ha det. Pengane, eller overføringane må kunne påreknast blir overførde i planperioden på oppgraderingane. Dette bør vere enkel samhandling med staten.

Etterslepet på fylkesvegane og rassikring kjem eg ikkje nærare inn på. Fylkestinget kjenner situasjonen.

Litt meir om vedtak vi har gjort i det siste og som vil ha konsekvensar framover. Eg veit ikkje om det er tilfeldig at det også er innanfor samferdsel,men like fullt er det innanfor det kapittelet saka høyrer heime. Saka heiter Nordøyvegen.

Eg som har 7 perioder på fylkestinget bak meg, har følgt Nordøyvegen heile den tida. Ikkje underleg at innbyggarane på Nordøyane var utolmodige etter å kome i gang med bygginga. Fylkestinget har gjort mange vedtak i den saka. Dei fleste om lag samrøystes. Så kom tida for ja eller nei til realisering med dei økonomiske konsekvensane ein såg for seg.

Då delte fylkestinget seg i to. Det same gjorde mange av partia i fylkestinget.

I fjor sommar kom kostnadene på bordet og realitetane vart synlege. Debatten hardna til i avisene og i politiske fora. Dei politiske partia sleit med indre strid om saka, ihvertfall dei fleste. Eg trur ikkje eg har sett ei så tydeleg polarisering i ei enkeltsak før. Ikkje berre var det politisk usemje. Det var minst like mykje strid om saksframlegget og ulike modellar i økonomisk framskriving. Avisene var fulle av faglege og mindre faglege kommentarar. Eg vil i etterpåklokskap hevde at dei økonomiske modellane som vart presenterte var utan unntak presenterte for å underbygge ein argumentasjon for ja eller nei til saka. Vanlegvis er det politisk usemje eller semje i politiske organ. I denne saka var det meir fokus på utgreiingane og økonomiske teoriar enn det var usemje om saka. Nordøyvegen måtte ein seie ja eller nei til. Men ein kunne vere rykande usamde i kvifor ein hamna på ja-  eller nei-sida. Dette kunne gått skikkeleg gale med tanke på framtidig samarbeid i fylkestinget.

Det gjorde det ikkje!

Begge sidene vil kanskje i ettertid hevde som bestemor mi brukte å seie når det hardna til: «Ein får bruke vit den som har det». Ikkje å tvile på kven ho meinte forvalta vitet. Slik er det i denne saka også. Begge sidene la saka bak seg med respekt for vedtaket som er fatta. Innbyggarane på Nordøyane gler seg over vegen som tek form og gler seg til den dagen sambandet opnar og dei utan ferge kjem seg turrskodde til fastlandet. Den gleda unner vi dei, og vår demokratiske tradisjon seier oss at når klubba går i bordet og vedtak er fatta, då held vi fred. Eg kjenner at eg vert stolt over å vere ein del av ein slik tradisjon der vi ikkje tek med oss debatt og usemje vidare utover den saka det gjeld. Så lever vi med at alle vedtak av økonomisk karakter lever sitt liv i budsjetta framover.

Litt meir om økonomi ettersom det er ein vesentleg del av denne fylkestingsamlinga. Ikkje kommune- og fylkesøkonomi, men økonomiske rammer og nasjonaløkonomi.

 Den til ei kvar tid gjeldande nasjonaløkonomi er avgjerande for vår kvardag. Fylkeskommunen er nesten fullt ut finansiert av inntektsystemet. Det er det regjeringa som er herre over. Derimot internasjonale konjunkturar og vår konkurransevne i høve dei, er meir ei gråsone. Eg går ikkje inn på ulike faktorar her, men viser til at økonomar gir uttrykk for at det er uforståeleg at vi har så svak kronekurs når norsk økonomi er så solid og oljeprisen er på eit akseptabelt nivå. Naturlegvis er norsk eksportindustri glad for at det er situasjonen, og i vårt fylke er industrien konkurranseutsatt.

Rett nok er det fleire bransjar som slit med å skaffe fagfolk. Av erfaring veit ein at det er lønsdrivande. Sentralbanken har eit mål om at prisveksten ikkje skal overstige to prosent i året. Dersom prisen veks for raskt, kan Norges Bank auke styringsrenta for å bremse prisveksten. Svak krone gir ein viss prisvekst fordi importvarene vert dyrare. Bildet utanfor våre landegrenser er meir samansett. Handelskrigar og politisk uro både innanfor og utanfor EU har svekka både europeisk og internasjonal økonomi. Eg har ikkje sett at land i Europa vurderer renteheving. Like fullt er signala frå Norges Bank at renta vil bli heva på førstkomande styremøte i banken. Truleg vil det styrke krona, men det vert ihvertfall dyrare å låne pengar. Eg ser at berekningane går på fire prosent rente på huslån. For meg som amatør i desse sakene, så forstår eg ikkje nødvendigheita med eventuell renteheving no. Renteheving vil etter mi meining bety svekka konkurranseevne overfor dei marked vi konkurrerer med. Eg vil meine at det har vi ikkje råd til.

I tillegg vil offentleg sektor bli skadelidande av ein renteauke no. Våre lån vert på sikt dyrare og det går utover vår budsjettbalanse og investeringsevne. Rundt rekna har vi fem milliardar i lån i komande planperiode. Ein prosent opp på lånerenta er femti millionar, to prosent er hundre millionar. Vi har hatt rentenedgang sidan bankkrisa på nittitalet. Dagens politikarar har knapt opplevd renteauke. Berre nokre få av oss opplevde huslån på 15 prosent. Renteauken dei komande åra vert ikkje dramatisk. Norge har ein liten og open økonomi som må samsvare med land og marknad rundt oss.

Kvifor gir eg plass til slike vurderingar i fylkesordføraren sin tale? Etter mitt syn er det ein viktig del av våre rammebetingelsar. Alt heng saman med alt.

Eg kan ikkje halde denne siste talen til fylkestinget utan å komme innom olje-og gassindustrien. Oljeselskapa på norsk sokkel seier forresten at dei ikkje er oljeselskap lenger, dei er gasselskap. Før leita dei etter olje og tok hand om den gassen dei fann om den var drivverdig. I dag leitar dei spesifikt etter gass fordi infrastrukturen er på plass. Polarled er opna og kan føre gass frå nord om Polarsirkelen i rør til marked i Europa. Denne gassen er innom Nyhamna før den vert pumpa ut til markedet.

For litt over ein månad sidan var eg med på ein studietur til Storbritannia. Fyrst til ilandføringsstaden Easington og deretter til London og møte med nasjonale energimyndigheiter. Å sjå røret frå Aukra komme utav havet og opp på land og høyre gasstraumen passere, er faktisk høgtidssamt. Eg finn ikkje anna ord for det. I vår del av rørenden er verdas fremste undervannsteknologi og kompetanse. 17 000 er tilsette i olje- og gassindustrien i vårt fylke. Det gir 5 milliardar i skatt i tillegg til salsinntekter på olje og gass og selskapsskatt.

Røret til Easington leverer for mellom 100 og 150 millioner kroner pr dag. Då skal det ikkje så mange dagar til før milliarden er nådd. Det representerer ca 30 % av gassenergien i Storbritannia. Dei hadde 25 kolkraftverk i drift for nokre år sidan. No har dei fem att og det siste skal stengast i 2025. Norsk gass har erstatta kolet. Kvart kraftverk som har gått over til gass, har redusert sitt kolforbruk med over ein million tonn klimaversting i året. Det har redusert CO2 utsleppa i Storbritannia med 80%  I eit slikt bilete forstår vi miljøgevinsten av norsk gasseksport. Gass er framleis fossilt brensel og er forurensande. Målet for både Storbritannia og norsk gassindustri er å levere hydrogen i same rørsystemet som i dag leverer gass.  Engelskmennene påstår at dei stort sett kan bruke dagens distribusjonsnett for gass til å levere hydrogen til enkeltforbrukar. Dei må berre skifte brennaren i huset. Det måtte dei når Ormengassen kom også, fordi den hadde høgare brennverdi enn den gassen dei brukte tidlegare. Den næringa vi snakkar om står for 1/6 av verdiskapinga i Norge og for 1/5 av inntektene til Norge. Sjølvsagt skal vi ikkje stenge ned Nordsjøen. Og det er ikkje fordi vi tener så mykje på aktiviteten at vi må tole forureininga. Nordsjøen skal produsere gass langt inni framtida. Eg vil få sitere styreleiaren i Norsk Olje og Gass som sa dette i Kristiansund 6. juni i år:

«Norge har eit fortrinn i høve resten av verda. Vi har kompetansen, miljøa og det fortrinnet må vi ikkje gi frå oss. Hos oss er det stor forståing for nødvendigheita i utsleppsreduksjon ved å omdanne naturgass til Hydrogen og ta vare på og lagre CO2. Den forståing møter vi definitivt ikkje på utanfor våre landegrenser». Eg føler at debatten om norsk sokkel og norsk eksport av olje og gass er polariserande og vanskeleg. I mange samanhengar teiknar begge sidene i debatten eit svart-kvitt bilde av situasjonen. Debatten er prega av følelsar, og vi veit at følelsar overstyrer fakta. Vi har verdas reinaste petroleumsindustri. Gassen vi sender ifrå oss vert foredla og send ut i marknaden med rein fornybar energi. Det er det ingen annan produsent som gjer. Om nokre år,når teknikken er utprøvd, leverer vi hydrogen ut i den same marknaden som vi i dag leverer gass til. Kvifor skal vi i den fasen vi er i no piske oss sjølve som energinasjon? I realiteten er vi på terskelen til ei ny energitid. Ny kunnskap gjer oss stadig meir energinøytrale og energien vert reinare og reinare. Norge som rik energinasjon tek mål av seg å vere i fremste rekke i denne energirevolusjonen.

Hydrogen som energi er ny og ikkje så utprøvd teknologi. Hydrogenbilen har eksistert ei stund, men etter at ein hydrogenstasjon eksploderte i Sandvika utanfor Oslo 10. juni, er det ingen opne hydrogenstajonar i Norge. Det er 170 hydrogenbilar i Norge. Desse må nok stå parkerte ei stund framover. Hydrogen som energi i transportsektoren vil ikkje stoppe med dette. Staten har eit forsøk med hydrogenferge lenger sør på Vestlandet. Den skal stå ferdig i 2021 og settast i drift etter planen i 2023. Også i vårt fylke er det konkrete planar om hydrogen som energi i ferger. Hydrogen produsert av innstengd elektrisk energi. Energiregion Møre følgjer denne utviklinga nøye. Den store draumen, eller dei to store draumane på kort sikt, er hydrogenferge på Geirangerfjorden inne i verdsarvområdet og Raumabanen på hydrogen og batteri. Ladde batteria med bremseenergi frå turen frå Dombås til Åndalsnes og batteri/ hydrogenenergi opp Romsdalen til Dombås.

Innovasjon og nytenking skjer heile tida i fylket vårt. Nye og eldre fagmiljø går saman og skaper heilt nye synergier. Eit døme på det er ei lokalisering i Fræna som eg har vort invitert til å bli kjend med.

Salmon Evolution og Hustadvika Biokraft har gått saman i eit mat- og energiprosjekt. Sjøbasert oppdrett på land, kallar dei det. Salmon Evolution har fått konsesjon på 30 000 tonn laks som tilsvarer åtte lokasjoner i sjøen. Det er Europas største matfiskkonsesjon. Produksjonen foregår i lukka anlegg på land. Avfallet frå fisken er også i lukka system og vert levert til Hustadvika Biokraft som blandar dette med husdyrmøkk og ut kjem biogass og tørrstoff. Tørrstoffet blir brukt som gjødsel til grasproduksjon. Totalt vil dette gi 100 nye arbeidsplassar der ny kompetanse vert utvikla. Eit døme på matproduksjon som har avfall som tidlegare var problemavfall, men som no er råstoff til energiproduksjon som har avfall som er energi til grasproduksjon som er energi til matproduksjon som har avfall til biogassproduksjon og verdisirkelen er uendeleg.

Byggestart er komande haust, og fiskeproduksjonen startar sommaren 2021.

Saklista til dette fylkestinget tek frå meg mange av dei poenga som ville vere naturleg å komme innom i denne talen til fylkestinget. Vi skal ha som vedtakssaker kvalitetsplan for vidaregåande opplæring, AutoPASS regulativ på fylkesvegfergene, politisk organisering frå neste valperiode, bypakke Ålesund og økonomiplan 2019-22.

Eg finn det ikkje naturleg å kommentere desse sakene når dei skal opp som vedtakssaker i denne tingsamlinga.

Vi har tett program på dette fylkestinget, og treng nok tida som er avsett. Difor kan godt denne siste talen min til fylkestinget vere litt kortare enn vanleg.

Spesifikke næringar i fylket utover det eg har nemnt, tek eg ikkje opp. Av erfaring veit eg at det vert nok etterlyst, særleg i eit valår. I eit valår er det også vanleg at representantane snakkar om det dei har på hjartet i den generelle politiske debatten anten temaet var nemnt i talen eller ikkje. Slik er det, og det er heilt greit.

Før eg seier takk for meg, vil eg minne om følgande.

2019 er lokaldemokratiets år. Det er 100 år sidan vi fekk stemmerett for alle. Valet til hausten er i enden av ein valkamp. Vår organisasjon KS minner oss på at valkampen må foregår i høviske former.

Gå inn på KS sine sider og finn Valgløftet 2019. Les det og tenk over bodskapen!

Eg kjem til å nytte høvet til å seie nokre ord til fylkestinget før heving av møtet i morgon, men i denne omgang:

Takk for meg og takk for at de ville høyre på meg. Til det siste hadde de kanskje ikkje så mange val.