Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkespolitikarane går imot regjeringsforslag om forbod mot myrdyrking

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
91 17 77 24 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Fylkespolitikarane går imot regjeringsforslag om forbod mot myrdyrking

Regjeringa ønskjer å forby nydyrking av myr. I verste fall kan dette bety slutten for Smøla-gulrota, og fylkespolitikarane i Møre og Romsdal går derfor imot forslaget. 

Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.

I desember 2018 sendte regjeringa forslag til Stortinget om å endre jordlova. Forslaget vil gjere det mogleg å forby nydyrking av myr, og har som formål å redusere utslepp av klimagassar.

Redusere klimagassar eller bevare matjorda

Myr i naturleg tilstand inneheld, og slepp ut, store mengder metangass. Slike utslepp er ikkje menneskeskapte, og derfor ikkje omfatta av mål om utsleppskutt. Problemet oppstår når myr vert drenert og dyrka opp til landbruksformål. Prosessen gir svært næringsrik jord som for eksempel er godt eigna til å dyrke grønsaker, men det frigjer også klimagassar.

Dramatiske konsekvensar for matprodusentane

- Dersom forslaget blir vedtatt, vil det ha dramatiske konsekvensar for landbruket i kommunane Fræna, Ørskog, Sandøy og Smøla, der Smøla står i ei særstilling. Nesten all jorda på Smøla er myrjord, og jordbruket der har vakse fram etter kvart som teknikkane for myrdyrking vart utvikla utover på 1900-talet. Drenering og dyrking av myr på Smøla gjev ei jord som er særs godt eigna for grønsaksdyrking. Smøla-gulrota er kjend for god kvalitet, og dette er ein av grunnane til det, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

- Landbruket må ta sin del av ansvaret for å redusere klimagassutslepp, men vi trur ikkje eir forbod mot myrdyrking er vegen å gå, seier Vestheim.

Tilråding frå regional- og næringsutvalet

Fylkespolitikarane v/regional- og næringsutvalet har i dag 5. februar 2019 vedtatt å sende følgande uttale til næringskomiteen på Stortinget: 

  • Eit generelt forbod mot dyrking av myr vil lokalt ha dramatiske verknader for verdiskaping frå matproduksjonen og dermed grunnlag for busetjing. 
  • Landbruket skal ta sin del av ansvaret for å redusere klimautsleppa, men Møre og Romsdal fylkeskommune er skeptisk til at eit forbod mot nydyrking av myr er det rette tiltaket.
  • Talgrunnlaget for klimautslepp frå dyrking av myr er usikkert, og vi veit for lite om klimaeffekten til å innføre eit forbod no.  
  • Vi bør ta oss tid til å hente inn meir kunnskap, og til å utvikle dyrkingsmetodar som kan redusere klimautsleppa frå nydyrking av myr.
  • Dersom eit forbod vert innført, må kommunane sitt handlingsrom utvidast slik at ein også kan vurdere dispensasjon for myr som er djupare enn 1 meter.
  • Slik dispensasjon må kunne gjevast til bønder som vil utvide produksjonen, eller må ha meir areal for å oppretthalde driftsgrunnlaget, men som ikkje har tilgang på alternativt areal.
  • Dispensasjon må også kunne gjevast der djup myr vert dyrka med nye teknikkar som reduserer utslepp av klimagassar.
  • Dersom det blir innført forbud mot nydyrking av myr, må et forbud også omfatte forbud mot drenering av myr til utbyggingsformål som veibygging industri- og boligformål. Omdisponering av myr til slike formål kan gi store utslipp av Co2 på linje med dyrking av myr til landbruksformål.

Les heile saksframlegget her