Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Fylkestinget har møte 18. og 19. juni i Ulsteinvik

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Fylkestinget har møte 18. og 19. juni i Ulsteinvik

Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2019-2022, Investeringsprogram for fylkeskommunale bygninger 2018, Investeringsprogram for fylkesvegar 2019-2027 og Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2018-2022 er mellom sakene fylkestinget skal behandle. 

Møtet startar kl. 13.00 med fylkesordføraren sin årlege tale til fylkestinget. Etter talen er det gruppemøte i dei ulike partia, før vi startar opp med behandling av saker etter saklista kl. 16.00.

Fylkestinget blir streama, og fylkesordførarens tale og den politiske debatten kan du følge direkte på: mrfylke.no/streaming

Saksnr             Tittel (vedtaka vert lagt ut fortløpande)

T-21/18          Forvaltningsrevisjonsrapport FR 1/2018 "Svart økonomi, arbeidslivskriminalitet og sosial dumping"      
Tilrådinga samørystes vedteken. Tove Lise Torve(Ap) fremma eit tillegg i vedtaket. Tillegget vart vedteke mot 22 stemmer. 

T-22/18          Statusmelding - "Kontrollutvalet sin oppfølging av tidlegare forvaltningsrevisjonar og tilsynsrapportar"
Tilrådinga samrøystes vedteken.

T-23/18          Uttale til plan for omdanning gjennom samanslåing av Stiftinga Sunnmøre museum og Stiftinga Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal
Frøydis Austigard (v) vart kjent inhabil i saka, og fråtredde ved behandlinga. Tilrådinga vart samørystes vedteken. 

T-24/18          Investeringsprogram for fylkeskommunale bygninger 2018  
Kristin Sørheim (Sp) m/fl. fremma alternativt forslag vedtak til prioriteringgslista på skolebygg. Ved votering vart fylesrådmannen si tilråding vedteke mot 19 stemmer. 

T-25/18          Investeringsprogram for fylkesvegar 2019-2027          
Charles Tøsse (H) og Kristin Sørheim (Sp) fremma forslag til nytt punkt i vedtaket. Tilrådinga frå fylkesrådmannen vart samrøystes vedteken. Tilleggspunktet frå Tøsse (H) vart vedteken mot åtte stemmer.
Liv Solemdal (MDG) og Yvonne Wold (SV) fremma eit oversendingsforslag. Ved votering fekk forslaget fem stemmer og fall.   

T-26/18          Inndekning av auka kostnader i ferjedrifta frå 2020
Heidi Nakken (H) leverte inn forslag til alternativt pkt. to. Ved votering vart pkt. 1 samrøystes vedteke, Fylkesrådmannens vedtak til pkt. to vart vedteke mot ni stemmer. 
Oversendingsforslag frå Roger Osen (Ap) vart samrøystes vedteke. 

T-27/18          Strategi og rammer for arbeidet med økonomiplan 2019-2022
Charles Tøsse (H) fremma alternativt forslag til pkt. 6. Iver Nodseth (V) fremma forslag til nytt pkt. 8. Ved votering vart fylkesrådmannens forslag til vedtak vedteke. 
Oversendingsforslaget frå Kristin Sørheim(Sp) m/fleire vart.samrøystes vedteke. 

T-28/18          Økonomirapportering per 1. tertial 2018
Tilrådinga samrøystes vedteken
T-29/18          Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2018-2022
Tilrådinga samrøystes vedteken.

T-30/18          Fræna vidaregåande skole - Revidert utviklingsplan
Tilrådinga samrøystes vedteken.

T-31/18          Sal av eigedom på Nesjestranda
Tilrådinga samrøystes vedteken.

T-32/18          Overføring av fylkesvegadministrasjon til regionalt folkevald nivå - høyringssvar frå Møre og Romsdal fylkeskommune        
Det vart votert punktvis. Pkt. 1-3 samrøystes vedteken. Pkt. 4 vedteke mot ni stemmer. Pkt. 5 samrøystes vedteken. Pkt. vedteke mot ni stemmer. Pkt. 7-8 samrøystes vedteken. 

T-33/18          Strukturelle endringar i den offentlege tannhelsetenesta, Haram kommune - samlokalisering av distriktstannklinikkane Brattvåg og Vatne
Tilrådinga vedteke mot to stemmer. 
Oversendingsforslag frå Randi W. Frisvoll (KRF) fall mot 24 stemmer. 

T-34/18          Tannhelsetjenestens kompetansesenter for Midt-Norge (TkMN) IKS - justert selskapsavtale        
Tilrådinga samrøystes vedteken.

T-35/18          Interpellasjon frå Victoria Smenes (KRF) - Tøndergård videregående skole    
Victoria Smenes (KRF) la fram nytt forslag til vedtak. Forslaget vart vedtatt mot 17 stemmer.      

T-36/18          Interpellasjon frå Erik Kursetgjerde (AP) og Line Hoem (AP) - "mobbeknapp"
Erik Kursetgjerde (AP) og Line Hoem (AP) la fram forslag til vedtak. Forslaget vart samrøystes vedteken.

 

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg​