Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > – Gjer vi nok for å engasjere og integrere ungdom i dei politiske prosessane?

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post

Dokument

Barn og unge i Møre og Romsdal 2018
PDF-dokument - 2,51 MB

– Gjer vi nok for å engasjere og integrere ungdom i dei politiske prosessane?

Dette spørsmålet kjem frå Urtė Karanauskaitė, leiar i ungdomspanelet i Møre og Romsdal, som ein kommentar til den nye statistikksamlinga om barn og unge sin situasjon i fylket vårt.

Leiaren i ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė er opptatt av at unge skal bli høyrt i politikken, og at dei skal delta, meine og vise engasjement.

Den heilt nye samlinga er utarbeidd av plan- og analyseavdelinga i fylkeskommunen, og er tenkt som eit nyttig verktøy for alle som arbeider med planlegging, og for alle som er opptatt av utviklingstrekka i fylket vårt.    

Vi må legge til rette for ungdomsengasjement

– Vi er uroa over at talet på generell politisk engasjement ikkje er så høgt som vi hadde håpa på. Det er få som brukar stemmeretten sin, og det er heller ikkje mange som er med i kommunestyra. Då kan vi stille oss spørsmålet:  Gjer vi nok for å engasjere og integrere ungdom i dei ulike politiske prosessane? Det er viktig at unge blir høyrt i politikken, men enda viktigare er at dei skal delta, meine og vise engasjement. Vi må legge til rette for ungdomsengasjement framover, og der har både dei vaksne fylkespolitikarane og vi i ungdomspanelet ein stor jobb å gjere, seier Karanauskaitė.

Barn og unge er ein viktig del av planlegginga

Barn og unge er prioritert som eit gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020. –Barn og ungdom er viktige målgrupper både for kommunane og fylkeskommunen.  Vi skal ta omsyn til interessa, behova og medverknaden til denne gruppa i planlegginga vår.  Statistikknotatet gir eit kunnskapsgrunnlag og viser kva for utviklingstrekk som vil utfordre oss framover til dette arbeidet, seier assisterande fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.

Mindre mobbing i Møre og Romsdal enn i resten av landet

- Vi i ungdomspanelet ser på denne statistikken med stor glede, samtidig som den viser til ein del utfordringar. Vi kan glede oss mykje over dei høge gjennomføringstala ved dei vidaregåande skolane våre, der ungdommane trivest og opplever lite mobbing. Utfordringa ligg då på å sikre læreplass for yrkesfagelevane, noko ungdomspanelet og fylkeskommunen har jobba mykje med dette året. Det er viktig at vi tek dette på alvor, seier Karanauskaitė.

Korleis få unge til å trivast i Møre og Romsdal?

Korleis er skoletilbodet og kor mange får skoleskyss? Kva fritidstilbod brukar barn og ungdom og kor nøgde er unge med nærmiljøet sitt? Dette er nokre av spørsmåla som blir tatt opp i notatet.

-Vi er stolte av å vere frå eit fylke som satsar på kultur og aktivitet, og det vi ser at ungdommen brukar kulturrabattar aktivt og kan glede seg over trygge turterreng og nye idrettshallar. Vi meiner at kombinasjonen av godt utdanningstilbod og gode fritidsaktiviteter er nøkkelen for å få unge i Møre og Romsdal til å trivast, og derfor er vi svært nøgde med tala statistikken viser, avsluttar leiaren i ungdomspanelet.

Utviklingstrekk for barn og unge i Møre og Romsdal – nokre hovudpoeng 

  • Nedgang i tal barn og unge i 26 av 36 kommunar frå 2008 til 2018
  • Meir mangfaldig gruppe barn og unge – 13 prosent har innvandrarbakgrunn (fødd i utlandet eller i Noreg av innvandrarforeldre)
  • Ein av ti elevar (9,9%) i ungdomsskolane i fylket får spesialundervisning, det er over landsgjennomsnittet
  • Stor forskjell mellom gutar og jenter i skoleresultat – og forskjellen aukar
  • Berre halvparten av dei som startar på eit yrkesfag går ut i lære
  • Stor skilnad mellom jenter og gutar på kva bransje dei får seg deltidsjobb
  • Delen barn og unge som veks opp i hushald med vedvarande låginntekt aukar
  • Låg del unge i kommunestyra - Møre og Romsdal ligg under landsgjennomsnittet
  • Under halvparten av dei under 25 år nytta stemmeretten ved førre kommuneval, og for aldersgruppa 20-24 år var deltakinga ved sist kommuneval den lågaste i landet (29,4%)
  • Barn i Møre og Romsdal låner færre bøker frå biblioteka enn landsgjennomsnittet
  • Stor variasjon mellom kommunane i kor nøgde ungdom er med kollektivtilbodet
  • Om lag kvar tredje ungdom er «ganske mykje/veldig mykje» plaga av depressive eller angstreleterte symptom, og Møre og Romsdal nærmar seg landsgjennomsnittet
  • Delen ungdom som opplev fysiske plagar (hodepine, magesmerter, ryggsmerter) aukar, 10 prosent av gutane og 20 prosent av jentene opplev slike smerter dagleg
  • Delen ungdom som har prøvd hasj eller marihuana siste året har auka

Det er heldigvis også mykje som er bra for barn og unge i Møre og Romsdal. Eksempel på dette er:

  • Høgare del som fullfører vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal enn landsgjennomsnittet - likevel ambisjon om endå høgare gjennomføringsgrad
  • Lågare del elevar som opplev mobbing på dei vidaregåande skolane i fylket enn landsgjennomsnittet
  • Relativt sett fleire som er nøgde med utdannings- og yrkesrettleiing i Møre og Romsdal enn elles i landet
  • Auke i talet førskolebarn som får tilbod på kulturskole i kommunane i Møre og Romsdal
  • Auke i sal kulturbillettar med ungdomsrabatt - 834 139 billettar til kino, konsertar, teater, festivalar vart selt til ungdom i fylket i 2017, det er 57 299 fleire enn i 2016
  • 146,1 millionar kroner av spelemidla er gitt til fotballanlegg i fylket frå 2007 til 2016, 143,8 millionar er fordelt til flerbrukshallar og 63,7 millionar kroner er gitt til friluftslivstilrettelegg i same periode
  • 63 prosent har trygg tilgang til nærturterreng i Møre og Romsdal, det er klart høgare enn landsgjennomsnittet
  • Fleire ungdomsskoleelevar er nøgde med skolen sin i Møre og Romsdal enn landet, 70 prosent her mot 66 prosent i landet elles