Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Halv pris for elbilar på ferjene frå 1. juli

Kontaktpersonar

Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post

Halv pris for elbilar på ferjene frå 1. juli

Frå 1. juli vil det koste 50 % av ordinær takst for elbilar og hydrogenkøyretøy på ferjene. Dette gjeld på alle offentlege ferjesamband i heile landet, her frå sambandet Hareid- Sulesund.

Frå 1. juli har samferdselsdepartementet bestemt at elbilar skal få 50 prosent rabatt på alle ferjesamband. 

Foto: Marit Holen

Det er Samferdselsdepartementet som frå 1. juli 2018 innfører lova om taksering av nullutsleppskjøretøy på offentlege ferjesamband. I lova heiter det at nullutsleppskøyretøy ikkje skal betale meir enn maksimalt 50 prosent av av takstane for tilsvarande stort kjøretøy på ferje.

I Møre og Romsdal har det vore ordinær takst for el-bilar på fylkesvegferjene sidan 1. mars 2017 
No blir det altså rabatt på desse sambanda.