Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Har skrive kontrakt om forskjeringane på fylkesveg 63

Kontaktpersonar

Per Ove Nydal Per Ove Nydal
Seksjonsleiar infrastruktur
71 28 01 24 /
Mob. 416 99 916
Send e-post

Har skrive kontrakt om forskjeringane på fylkesveg 63

Det var Lesja Bulldozerlag AS som hadde den lågaste prisen, og som no skal i gang med å fjerne lausmassar og lage forskjeringane til tunnelen mellom Indreeide og Korsmyra.

Dagleg leiar i Lesja Bulldozerlag, Ann-Kathrin Storhaug von Rappe, og prosjektleiar i Statens vegvesen Arne Ola Stavseng har signert kontrakten om forskjeringane til vintertunnel mellom Indreeide og Korsmyra. (Foto: Statens vegvesen)

Det er 13 registrerte snøskredpunkt på strekninga mellom Indreeide i Norddal kommune og Korsmyra i Stranda kommune. I dette prosjektet skal det byggast ein 4,8 km lang fjelltunnel som vil sikre denne delen av fylkesveg 63 mot snøskred.

Statens vegvesen, som bygger tunnelen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune, har signert kontrakt med Lesja Bulldozerlag AS på første del av prosjektet. Entreprenøren har fått i oppdrag å gjere klar tunnelinnslaga.

-  Kontrakten med Lesja Bulldozerlag er på 12,7 millionar kroner pluss meirverdiavgift. Dette arbeidet skal utførast i år, med oppstart i månadskiftet januar/februar, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Etter planen blir det oppstart på bygging av tunnelen hausten 2019, med ferdigstilling hausten 2022.