Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Hareid og Sulesund får betre ferjetilbod frå 1. januar

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Stig Helle-Tautra Stig Helle-Tautra
Seksjonsleiar drift
71 28 02 53 /
Mob. 934 04 626
Send e-post

Hareid og Sulesund får betre ferjetilbod frå 1. januar

1. januar startar kontrakten mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Fjord1 ASA for ferjene mellom Hareid og Sulesund. Det blir eit betre kollektivtilbod med fleire avgangar, det vil ta kortare tid å reise over fjorden og fartøya blir større.

Dei nye ferjene på Hareid- Sulesund vil vere større og bruke kortare tid enn tidlegare. 
Illustrasjonsfoto: Havyard

Fleire avgangar og kortare tid over fjorden

- No blir det avgang kvart 20. minutt mellom klokka 06.30 og 19.10 på kvardagane. Laurdag vil det vere avgang kvart 30. minutt mellom klokka 07.30 og 19.30. På søndagane vil det vere avgang kvart 30. minutt mellom klokka 10.30 og 21.30, seier Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fartøya vil óg bruke kortare tid mellom kaiene på Hareid og Sulesund, frå ca. 25 minutt til 23 minutt.

Større fartøy

- Alle tre fartøya som vil køyre på sambandet frå og med januar kan ta 120 bilar kvar, og i vinter vil det bli ein overgang mellom foreløpige fartøy og nye fartøy, fortel Fuglseth.

Det første nye fartøyet, M/F Hadarøy, vil vere i drift på sambandet frå 1. januar, det andre fartøyet, M/F Suløy, i løpet av februar og det tredje fartøyet, M/F Giskøy, i løpet av mars. Alle tre vil køyre på el i løpet av 2019.

Riksregulativet fortset

I den nye kontrakten er det tatt høgde for full innføring av Autopass på ferje, men dette vil likevel ikkje bli innført før i 2020. Som i dag, vil det bli billettert etter riksregulativet for ferjetakstar i 2019.

Fartøya blir ein del av tilbodet til FRAM

Fartøya på sambandet Hareid-Sulesund kjem til å bli ein viktig del av kollektivtilbodet til fylkeskommunen, kalla FRAM. FRAM samlar kollektivtilbodet i heile fylket.

På nettsida frammr.no og i FRAM-appen kan du finne rutetidene til bussane, hurtigbåtane og ferjene.

Her kan du finne rutetidene til 06 Hareid-Sulesund frå og med 01.01.19 i pdf-format.