Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Høyring – Innføring av AutoPASS-takstregulativet på ferjesamband i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Hilde Johanne Svendsen Hilde Johanne Svendsen
Seksjonsleiar
71 28 04 30 /
Mob. 916 07 588
Send e-post

Høyring – Innføring av AutoPASS-takstregulativet på ferjesamband i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har invitert kommunar og andre interessentar til å komme med innspel på AutoPASS-takstregulativet for ferje.

Bilde av ferje som legg til kai ved Hollingsholmen

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Frå 1. januar 2019 er det opna for bruk av AutoPASS-ferjekort på ferjesamband i Møre og Romsdal, og for å følge opp vedtaket til Stortinget tar vi sikte på å innføre AutoPASS-brikkebetaling frå 2020 og utover. For at brikkebetaling skal kunne bli innført, så må også AutoPASS-takstregulativet bli tatt i bruk.

Ber om synspunkt

Dette regulativet har som føresetnad at passasjerar ikkje skal betale, noko som fører til at takstane for køyretøy må auke for å oppretthalde inntektsnivået i ferjedrifta.

Det er på grunn av denne prisendringa at vi har sendt AutoPASS-takstregulativet på høyring. Dette er nærare omtalt i notatet (sjå dokument i margen til høgre på datamaskin og nedanfor på mobiltelefon), og vi ber om synspunkt på konsekvensane av å innføre AutoPASS-takstregulativet i fylkesvegferjesambanda.

Høyringa er sendt til:

Ungdomspanelet (Anne Wold)
NHO Transport
Norges Lastebileierforbund (NLF)
Blindeforbundet
Norges Taxiforbund Møre og Romsdal
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon MR
Rådet for Likestilling av funksjonshemmede
Helse Møre og Romsdal
Romsdal Regionråd
Orkidé
Søre Sunnmøre Regionråd
Sunnmøre Regionråd
Kommunane i Møre og Romsdal

Merk! Andre organisasjonar, foreiningar og råd er også velkomne til å uttale seg. Ta kontakt med Hilde Johanne Svendsen om du har spørsmål.

Fristen for høyringa er sett til måndag 25. februar 2019.

Informasjon om AutoPASS for ferje

Her kan du finne informasjon om AutoPASS for ferje som starta 1. januar. På Statens vegvesen sin nettside for AutoPASS for ferje autopassferje.no kan du finne meir informasjon.