Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Høyring – ny takst- og sonestruktur for kollektivtransport med buss

Kontaktpersonar

Hilde Johanne Svendsen Hilde Johanne Svendsen
Seksjonsleiar
71 28 04 30 /
Mob. 916 07 588
Send e-post

Høyring – ny takst- og sonestruktur for kollektivtransport med buss

Møre og Romsdal fylkeskommune har invitert kommunar og andre interessentar til å komme med innspel på ny takst- og sonestruktur for buss i Møre og Romsdal.

Foto: Terje Aamodt

Ber om innspel

Møre og Romsdal Fylkeskommune ønsker å utarbeide ein ny takst- og sonestruktur for buss, og har i samband med dette bedt Møreforsking Molde om å analysere sonestrukturen i dag, to alternative sonestrukturar og ulike takstnivå.

Føresetnaden med ny takst- og sonestruktur er at talet på reisande skal auke, samtidig som at fylkeskommunen sine inntekter ikkje går ned. Å utvikle ein enklare struktur var også ein del av oppdraget.

Halde fram eller ny struktur

Møreforsking Molde har rekna på ulike takstnivå for tre alternative sonestrukturar. I høyringsbrevet er det spesifisert at vi ønsker innspel på om sonestrukturen i dag skal halde fram eller om vi skal gå over til ein struktur på 7 eller 16 soner. Når det gjeld takstnivå, så er dette i utgangspunktet ikkje på høyring. Vi skriv likevel at det berre er alternativa S7A, S7E, S16A og S16E som er aktuelle. Årsaken er at dei andre alternativa vil bli krevjande å finansiere dei første åra.

Rapporten vil vere eit viktig og nyttig verktøy for fylkeskommunen når takstnivå og takststrukturar skal vurderast.

Høyringa er send til:

  • Ungdomspanelet
  • NHO Transport
  • Blindeforbundet
  • Norges Taxiforbund Møre og Romsdal
  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon M&R
  • Rådet for Likestilling av funksjonshemmede
  • Helse Møre og Romsdal
  • Romsdal Regionråd
  • ORKidé
  • Søre Sunnmøre Regionråd
  • Sunnmøre Regionråd
  • Alle postmottaka til kommunane i Møre og Romsdal

Merk! Andre organisasjonar, foreiningar og råd er også velkomne til å uttale seg.

Fristen for høyringa er sett til onsdag 8. mai 2019.