Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > I 2018 vart det felt 12 285 hjort i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Håkon Slutaas Håkon Slutaas
Rådgivar natur- og vassforvaltning
71 28 03 52 /
Mob. 975 94 361
Send e-post

I 2018 vart det felt 12 285 hjort i Møre og Romsdal

Dette er ein auke på over 800 dyr frå året før. Ørsta felte flest, Aure og Rauma på andre og tredjeplass.

Håkon Slutaas

Håkon Slutaas, rådgivar natur og vassforvaltning i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Jaktåret 2018 vart eit nytt rekord-år i tal felte hjort. Møre og Romsdal ligg på 2. plass på landsbasis, forbigått av Sogn og Fjordane, som felte 48 fleire dyr.  

-Møre og Romsdal har aldri før vore så nær frå å vere det største hjortefylket i landet, seier rådgivar natur og vassforvaltning i Møre og Romsdal fylkeskommune, Håkon Slutaas.

Ørsta framleis på topp, men Aure tek innpå

Ørsta kommune er den kommunen som har felt flest hjort i fylket, med 1061 felte dyr. Aure følger like bak, med 1047 felte hjort. Dette  det nærmaste Aure har vore «førsteplassen» i fylket sidan jaktåret 2010, då Aure felte flest hjort. Aure og Ørsta er også på pallen på landbasis. Der er Ørsta nr. 2. og Aure nr. 3. Kvinnherad kommune hadde flest felte dyr.

Jaktåret 2018 Møre og Romsdal

Oversikt over Møre og Romsdal hjortesesong 2018

Størst auke i Aure og Tingvoll , stor nedgang i Stranda

I Aure er det felt 287 fleire dyr enn i fjor, mens i Tingvoll er det skote omlag 130 fleire dyr enn i 2017. I Stranda, som var det 5. største hjortefylket i landet i fjor, er det ein stor nedgang i tal felte dyr. Med heile 311 færre dyr skotne enn i 2017, fell Stranda ut av topp ti-lista både på lands- og fylkesbasis.

Kommunar ønskjer å felle meir hjort

Slutaas forklarar dei høge fellingstala med tett hjortebestand. -Fleire kommunar melder om store beiteskadar på skog og innmark og har eit mål om å redusere hjortebestanden, seier Slutaas.

Trafikksikkerheit er også ein årsak. Tala på kor mange hjort som vart drept i trafikken i løpet av sesongen 2018/2019 er ikkje klar. Men året før var eit rekord-år, med 543 trafikkdrepne hjort.