Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Inviterer publikum til opning av Kystpilegrimsleia på Smøla

Inviterer publikum til opning av Kystpilegrimsleia på Smøla

Frå viking til pilegrim: Båtkortesje med historiske fartøy, intervju med Hans Erik Dyvik Husby og pilegrimsvandring på Edøy og til Kulisteinen, er noko av det du kan oppleve under den nasjonale opninga av Kystpilegrimsleia på Smøla 23. juni.

Roger Osen håpar at mange tar turen til Smøla 23. juni, og blir med på å markere opninga av Kystpilegrimsleia.

-I år skal opninga av Kystpilegrimsleia bli markert langs heile kysten, men hovudarrangementet skal vere på Smøla.  Kystpilegrimsleia er seglingsleia frå Stavanger til Trondheim, som vart brukt av pilegrimmane i mellomalderen. Dette blir eit nytt reiselivsprodukt med både innhald og meining, seier ordførar i Smøla Roger Osen.

Saman med biskopen i Møre og fylkesordførar Jon Aasen  sender Osen no ut invitasjonar til gjestar i heile landet. -Men arrangementet er ope for alle, seier Osen  og  legg til at han håpar det kjem mykje folk til Edøy og Kuli denne laurdagen.

Frå viking til pilegrim

Arrangementet startar kl. 13.30. På det innhaldsrike programmet står mellom anna ei båtkortesje med historiske fartøy, arrangement i amfiet på Gurisenteret og song frå Fru Guri av Edøy.

Artisten og skodespelar Hans-Erik Dyvik Husby, kjent frå gruppa Turboneger, vil bli  intervjua av biskop Ingeborg Midttømme. Husby har ei rolle i årets utgåve av Fru Guri, og har ei sterk personleg historie.

Kulisteinen – Noreg sin dåpsattest

Kulisteinen er ein viktig del av arrangementet og pilegrimshistoria. Runeinnskrifta  på Kulisteinen, er datert til 1000-tallet, og blir rekna som Norge sin dåpsattest fordi det er første gong vi veit at namnet «Noreg» er brukt på norsk jord. Kulisteinen er også eit av dei tidlegaste bevisa for Kristendommen sin eksistens i Noreg, og  er ei direkte datering av innføringa av kristendommen.

Meir enn ein pilegrimstur

-Laurdag 23. juni er sankthansaftan. Smøla skal fylle dagen med eit sterkt og godt innhald, lovar ordførar Roger Osen. Men for dei som ønsker sankthansfeiring , så blir det også sjanse for det. Edøy grendelag inviterer til bål og trekkspillmusikk etter arrangementet.

-No håpar vi at mange tar turen til Smøla 23. juni, og blir med på å markere opninga av eit heilt spesielt reiselivsprodukt, avsluttar han.

Bilde av fylkesordførar Jon Aasen  og biskopen i Møre Ingeborg Midtømme

Fylkesordførar Jon Aasen og biskopen i Møre inviterer til opning av Kystpilegrimsleia

Kva er kystpilegrimsleia?

Kystpilegrimsleia er eit samarbeidsprosjekt mellom fem fylkeskommunar og fire bispedøme frå Rogaland i sør, til pilegrimsmålet Nidaros (Trondheim) i nord og Riksantikvaren.

Målet med Kystpilegrimsleia er å ta opp att og bruke mellomalderen si seglingslei frå Stavanger til Trondheim som eit miljøvenleg og berekraftig reiselivsprodukt. Langs heile kystleia finn vi kyrkjer og heilagstader, spor etter den tidlege kristninga av landet, kongsgardar og tingstadar, gamle handelstadar og fyrstasjonar, i tett sameksistens med dagens kystsamfunn.

Det er dette som no er samla til eit nytt reiselivsprodukt med både innhald og meining. Kystpilegrimsleia vart godkjent som ein av St. Olavsvegane til Trondheim i desember 2017. Opninga skal markerast langs heile leia i juni 2018, mellom anna med ein seglas frå Stavanger til Trondheim.

Sjølve hovudarrangementet for opninga er lagt til Edøy på SmølaArrangementet er eit samarbeid mellom Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og Møre bispedøme.

Kontaktperson:
Roger Osen, ordførar Smøla kommune, mob. 92 86 19 49