Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Inviterer studentar til jazztreff

Inviterer studentar til jazztreff

KS og fylkeskommunen inviterer deg som er student til jazztreff for å høyre di meining, fordi at vi ønsker at fleire unge skal bli verande i regionen vår etter endt utdanning. 

Målgruppa for treffet er studentar, og det blir sosial samankomst i Alexandraparken på kvelden.

  • Korleis sikrar vi god og brei deltaking i lokaldemokratiet?
  • Kva for kompetanse vil morgondagen sine arbeidstakarar trenge?
  • Kva for tjenester og tilbud meiner du er viktig i kommunen din?

Vi ønsker at fleire unge skal bli verande i regionen vår etter endt utdanning. Derfor ønsker vi å innvolvere studentar aktivt i den lokale samfunnsdebatten rundt tema som innovasjon, bærekraft og medborgarskap. På jazztreffet møter du ordførarar i regionen, lokale gründerar og engasjerte medstudentar til gode diskusjonar om framtidas kommunar.

Program for jazztreffet finn du her

Arrangementet passar for studentar på bachelor- og mastergradsnivå, og vi ønsker studentar frå ulike studieprogram velkommen.

KS har eit eige stipend for mastergradsstudentar. Vi vil informere om ordninga, og har invitert lokale mottakarar av stipendet til å presentere oppgåvene sine.

Bli med på fagleg og sosialt påfyll!

Påmelding via e-post: hilde.nauste.myhre@ks.no
Frist: onsdag 11. juli
Merk: jazztreff

Tid:
tysdag 17. juli kl 09.30 - 15.45
onsdag 18.juli kl. 08.45-12.00