Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Jakta på kystsel i Møre og Romsdal for 2019 er avslutta

Kontaktpersonar

Lisbeth Nervik
Rådgivar fiskeri og havbruk
71 28 02 15
Send e-post

Jakta på kystsel i Møre og Romsdal for 2019 er avslutta

Kvoten på steinkobbe er felt, men jakt på grønlandssel og ringsel held fram til 30. september.

Kystsel seljakt Møre og Romsdal

Foto: Stein Watten

Kvota for kystsel for 2019 var på 25 steinkobbar. Alle 25 steinkobbane er felt, og det er derfor ikkje lenger mogleg å jakte steinkobbe i Møre og Romsdal. Det er Fiskeridirektoratet som bestemmer jaktkvote for kystsel, etter råd frå Havforskingsinstituttet.

Seljakt er ikkje for kven som helst

For å drive med seljakt i Møre og Romsdal må du søke om løyve kvart år. Det er fiskerirådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lisbeth Nervik, som tek imot og behandlar søknadane om seljakt.

-Det er stort engasjement på seljakt, og for 2019 kom inn 87 søknadar. Ti jegarar har felt dyr i 2019, seier Nervik. 

Jakt på grønlandssel og ringsel ut september

Jegerar som har fått løyve til å drive jakt på kystsel i 2019 kan drive fri jakt på grønlandssel langs Norskekysten og , samt jakt på ringsel i Nordland, Troms og Finnmark.