Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Kontrakten om bygging av Nordøyvegen er signert

Kontrakten om bygging av Nordøyvegen er signert

I dag vart kontrakten mellom Statens vegvesen og Skanska Norge AS signert om bygging av Nordøyvegen. Dette skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. 

Framme f.v.: Steinar Myhre, konserndirektør med ansvar for anleggsvirksomheten i Skanska Norge og Berit Brendskag Lied, regionvegsjef i Statens vegvesen region midt.Andre rekke, f.v.: Per Ove Nydal (seksjonsleiar infrastruktur i Møre og Romsdal fylkeskommune), Trond Valeur (regiondirektør i Skanska samferdsel- og energi),  Gunnar Jan Valde (kontraktingeniør Statens vegvesen), Morten Mortensen (prosjektkoordinator i Møre og Romsdal fylkeskommune), Are Eliassen (prosjektsjef for Nordøyvegen i Skanska), Marianne Nærø (prosjektleiar Statens vegvesen), Torbjørn Vatnehol (hovudbyggeleiar i Statens vegvesen) og Arild Fuglseth (samferdselssjef, Møre og Romsdal fylkeskommune).Foto: Anniken Westad, Statens vegvesen

Regionvegsjef Berit Brendskag Lied i Statens vegvesen og Skanskas konserndirektør for anlegg Steinar Myhre signerte kontrakten, som har ein verdi på 2,98 milliardar kroner, eks. mva. Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Byggestart i mars

Kontrakten startar opp i januar med ein samhandlingsfase. Der skal partane bli kjente med kvarandre, gå grundig inn i innhaldet i kontrakten og legge grunnlaget for god samhandling gjennom heile prosjektperioden.

- Det er ei omfattande kontrakt og vi skal jobbe saman i mange år. Vi skal bruke samhandlingsfasen godt slik at vi har eit godt fundament for samarbeidet og er førebudd til byggestarten. Den blir i starten av mars, fortel prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Nordøyvegen er planlagt opna for trafikk før sommarferien i 2022.

 
 
Bilde av kontraktsignering av Nordøyvegen

Regionvegsjef Berit Brendskag Lied i Statens vegvesen og Skanskas konserndirektør for anlegg Steinar Myhre signerte kontrakten, som har ein verdi på 2,98 milliardar kroner, eks. mva. Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Anniken Westad, Statens vegvesen

K5 Skjeltene-Harøya inneheld:

  • Lepsøybrua, 800 meter
  • Laukebrua, 109 meter
  • Hamnaskjersundbrua, 200 meter
  • Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, 2735 meter
  • Haramsfjordtunnelen (undersjøisk), 3500 meter
  • Nogvafjordtunnelen (undersjøisk), 5730 meter
  • Ny veg over Fjørtofta, 3100 meter
  • Burbergtunnelen (miljøtunnel), 170 meter
  • Fjørtofttunnelen (undersjøisk), 3680 meter
  • Statens vegvesen har utløyst opsjonen kontrakten har på tiltransport av elektroarbeid. Det betyr at det er Skanska som får ansvaret for oppfølging av elektroentreprenøren som om dei var underentreprenøren deira.
  • Elektrokontrakten er planlagt lyst ut tidleg i 2019.

Du kan lese meir om prosjektet på nettsidene til Statens vegvesen