Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Korleis kan ungdom få større medverknad?

Korleis kan ungdom få større medverknad?

I helga vart konferansen “Høyr oss!” arrangert. Dette var ein medverknadskonferanse av, for og med ungdom.  Konferansen vart arrangert av ungdomspanelet, og hadde deltakarar frå Møre og Romsdal, Nordland og Trøndelag.

Ungdommar frå Trøndelag, Nordland og Møre og Romsdal var samla til konferanse i helga

–Konferansen opna mange nye dører for oss i ungdomspanelet. Vi hadde ein god og sakeleg debatt med fylkespolitikarane om korleis vi kan auke medverknaden vår. I tillegg  henta vi stor inspirasjon frå Trøndelag og Nordland gjennom erfaringsutvekslinga vår, seier Urte Karanauskaite, leiar i ungdomspanelet.

Korleis samarbeide for å bli høyrd?

Fredagen starta med at leiar i ungdomspanelet, Urte Karanauskaite ønska velkomen. Etter det vart det ulike aktivitetar for at alle frå Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal skulle bli kjente. Aktivitetane vart følgt opp av samarbeid og førebuingar til laurdagen.  Det var også eit med Sigurd Joralf Eidset frå Elevorganisasjonen med tittelen «Korleis samarbeide for å bli høyrd?».  

Fekk råd frå politikarane

Både fylkesordførar Jon Aasen, Sidsel Rykhus og Victor Starheim heldt innlegg om korleis det er å vere ung i politikken og om korleis unge kan nå ut til politikarane. I tillegg hadde Marit Krogsæter hadde videoinnlegg. Etterpå var det plenumsdebatt og workshop. Ungdommane syntest at politikarane hadde mange gode innspel å kome med.

Samarbeid på tvers av fylkesgrensene

Ungdomspanelet fekk innvilga pengar av Aktiv Ungdom til prosjektet, og dei bidrog også til programmet. Ungdomspanelet inviterte ungdomsorgan frå Norland og Trøndelag til å dele kunnskap og vere med på workshop. Under konferansen vart det presentasjonar frå kvart fylke om kva deira ungdomsorgan gjer, og korleis deira ungdomsorgan fungerer.

Korleis når media ut til unge?

Journalist Morten Feirud frå Tidens Krav fortalde deltakarane om korleis media når ut til unge. Tove Regine Stranden, elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal, hadde eit innlegg om ”Korleis vi kan sikre representativitet?”, etter på var det diskusjon der det kom mange  gode forslag til dette.

Innhaldsrikt og lærerikt

–Dette har vore ei fantastisk bra helg, med fantastisk flotte folk frå både Trøndelag og Nordland. Vi har hatt svært innhaldsrik erfaringsutveksling, samstundes som vi har blitt godt kjend med kvarandre og lært mykje. Ungdomspanelet er kjempefornøgd med konferansen og håpar alle som var med har lært like mykje som oss!, seier Ole August Iversen, nestleiar i ungdomspanelet.

Kontaktpersonar: 

Prosjektet er støtta av:

Bilde av Aktiv ungdom sin logo
  
Bilde av logoen til Erasmus+

Glimt frå konferansen: 

Engasjerte ungdommar på konferanse

Ungdommane i samtale med journalist frå TK

Morten Feirud frå Tidens Krav fortalde deltakarane om korleis media når ut til unge

Bilde av Jon Aasen i samtale med ungdommane under konferansen Høyr oss

Fylkesordførar Jon Aasen i gruppearbeid med ungdommane

Bilde av Victor Starheim som held innlegg

Politikar Victor Starheim

Bilde av diskusjon under konferansen Høyr oss

Erfaringsutveksling mellom ungdommane frå Trøndelag, Nordland og Møre og Romsdal

Bilde av Sidsel Rykhus som held innlegg under konferansen Høyr oss

Varaordførar og fylkestingspolitikar Sidsel Rykhus