Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Korleis står det eigentleg til med folkehelsa i fylket?

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post

Korleis står det eigentleg til med folkehelsa i fylket?

Dei største utfordringane i Møre og Romsdal er at folk beveger seg for lite, har psykiske plager og at det er store helseforskjellar.  Kva kan vi gjere med det?

Skjermbruken aukar, og folk rører mindre på seg i arbeid. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Den ferske rapporten Folkehelsa i Møre og Romsdal 2019 som Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd, viser at det sidan midten av 1980-åra og fram til i dag har vore ein markant auke i trening og mosjon i befolkninga. Samstundes rører folk seg mindre på arbeid, i transport og i fritida. Berre 30 prosent av den vaksne befolkninga i Møre og Romsdal følger dei nasjonale råda om fysisk aktivitet. Av 15-åringane er det 43 prosent av jentene og 58 prosent av gutane som er aktive i 60 minutt per dag. Stillesitting er ei klar utfordring. Skjermbruken aukar og søvnvanskar er utbreitt. Vi har ein situasjon der vi er mindre fysisk aktive, samstundes som energiinntaket (kaloriar) ikkje har gått tilsvarande ned.

Oversikta viser også at psykiske plager og lidingar, inkludert rusmisbruk, er den klart største årsaka til redusert helse blant barn, unge og vaksne i arbeidsfør alder. I følge Folkehelseinstituttet vil om lag ein av fem vaksne ha ei psykisk liding i løpet av eit år. Forskinga gir likevel ingen eintydige svar på om psykiske problem aukar blant unge. Men i ungdata-undersøkingane for fylket ser vi at stadig fleire jenter rapporterer at dei har ulike psykiske helseplager. Samstundes veit vi også at einsemd og sosial isolasjon påverkar helsa.
Statistikk viser at i Møre og Romsdal er den forventa levealderen i dag fire år høgare for personar som har vidaregåande skole eller høgskoleutdanning samanlikna med personar med grunnskole. Gjennomsnittet for landet viser ein forskjell i forventa levealder på fem år.

Manglande utdanning, men også faktorar som dårlegare økonomi og bumiljø, kan føre til mange tapte skole- og arbeidsdagar og leveår med forringa helse og livskvalitet. Det gir tap for både einskildmenneske, familiar og samfunnet.
Kva gjer vi for å betre folkehelsa?

Både kommunane og fylkeskommunen skal ha kunnskap om helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan påverke den.  Det er også viktig å synleggjere kva økonomiske, menneskelege og fysiske ressursar vi kan sette inn i folkehelsearbeidet. Rapporten Folkehelsa i Møre og Romsdal 2019 er eit ledd i dette arbeidet.

I året som kjem skal også kommunane utarbeide oversikter over folkehelsa, for å ha eit grunnlag  for avgjerder retta mot det «daglege» folkehelsearbeidet, og for avgjerder i samband med langsiktig planlegging og tiltak.  Arbeidet må gjerast på tvers av sektorane og innbyggarane bør bli involvert. Dess betre oversikt vi har, dess betre føresetnader har vi for å sette i verk nødvendige tiltak for å møte utfordringane. Kommunane skal fremme folkehelse innanfor lokal utvikling og planlegging, forvaltning og tenesteyting.

For å møte fylket sine folkehelseutfordringar må vi skape meir aktivitetsvennlege samfunn og auke kvardagsaktiviteten der vi kan.  Viktige arenaer blir barnehage, skole, arbeidsplass, eldreomsorg, transport, nærmiljø og fritid.

Fylkeskommunen har vore med på eit tre-årig nasjonalt folkehelseprosjekt om Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse. Her finn vi at det innbyggarane mellom anna set pris på er friområde, grøntområde, parkar, gang- og sykkelvegar, nærleik til tenester og funksjonar, utbygging som tek vare på stadkvalitetar, møteplassar og kulturtilbod. Når folk blir spurt kvifor dette bidreg til trivsel og livskvalitet, svarar dei tilhøyrsle, tryggleik og tilgjenge.  Dette er faktorar vi må ta med oss i folkehelsearbeidet. Og ved å involvere innbyggarane i lokalsamfunna legg vi også grunnlaget for sosial berekraft.

Vi må også sette søkelys på kva vi kan gjere for å fremme psykisk helse og motverke einsemd og sosial isolasjon i befolkninga. Vi må utvikle og spreie metodar og tiltak for å styrke ressursane til barn og unge, gjere det lettare å delta og vere aktive  i lokalsamfunnet og hindre utstøyting. Målet må vere å skape gode nærmiljø og lokalsamfunn som bidrar til å fremme helse og trivsel.

Både fylkeskommunen og kommunane må vere særleg merksame på trekk ved utviklinga som kan skape eller oppretthalde sosiale eller helsemessige problem.  Vi må rette tiltak mot alle faktorar som kan føre til sosial ulikskap i helse. Det betyr at vi må sjå på tilhøve knytt til oppvekst, utdanning, levevanar, arbeid, inntekt, sosiale relasjonar og bustadforhold. Viktige verkemiddel er ordningar som gjer at tenester og ytingar når alle.

Med desse grepa, vil vi nærme oss dei nasjonale måla i folkehelsearbeidet:

- Norge skal vere blant dei tre landa i verda som har høgast levealder
- Befolkninga skal oppleve fleire leveår med god helse og trivsel og mindre sosiale helseforskjellar
- Vi skal skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga