Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Kulturaktivitetar har store økonomiske gevinstar for regionen

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

Kulturaktivitetar har store økonomiske gevinstar for regionen

Spel og opera gir pengar i kassa både for hotell, butikkar, kollektivtransport og lokale bedrifter. Det viser ein fersk analyse der seks spel og institusjonar på Nordmøre og Sunnmøre har deltatt.

Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen (foto: Terje Aamodt)

- Studiet bekreftar at kulturaktivitetane har positive økonomiske konsekvensar langt ut over dei sjølve. Dei bidrar tydeleg til den samla verdiskapinga i fylket, seier Heidi Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har tatt initiativ til analysen der seks aktivitetar på Nordmøre og Sunnmøre har deltatt: Operaen i Kristiansund, Nordic Light, Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival, Lady Arbuthnot, Herøyspelet og Giskespelet.

Sluttrapporten vil blir lagt fram for fylkespolitikarane den 7.mars. Les heile rapporten her.

Publikum legg igjen pengar

Analysen har sett både på den økonomiske verdiskapinga for den enkelte verksemda og ringverknader i samfunnet rundt.

- Det skaper ringverknader når operaen eller spelet kjøper varer og tenester, særleg frå bedrifter i lokalsamfunnet, og når tilreisande bookar overnatting, tar taxi, går på restaurant og alle andre ting dei brukar pengar på. Dette gir betydelege summar, seier Wedlog Olsen.

I følge rapporten har Operaen i Kristiansund ringverknader på 11,8 millionar kroner. 64 prosent av inntektene kjem frå tilreisande utanfor regionen.

Lady Arbuthnott har 4,6 millionar kroner i ringverknader. 56 prosent av inntektene kjem frå besøkande.

Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival og Nordic Light kan vise til årlege ringverknader på høvesvis 1,6 og 1,9 millionar kroner. Herøyspelet har dei lågaste ringverknadene, ein stad mellom 0,2-0,3 millionar kroner, mens Giskespelet har ringverknader på 1,5 millionar kroner.

- Det er sjølvsagt store forskjellar på dei som har aktivitet heile året, og dei som gjennomfører eit arrangement i nokre veker. Men poenget er det same, aktiviteten dei gjennomfører har økonomiske konsekvensar langt utover pengane dei tener sjølv, seier Wedlog Olsen.

Gevinst for næringsliv og innbyggarar

Verksemdene som er med i analysen, får årleg driftstilskot frå fylkeskommunen.

- Vi gir driftstilskot til over 88 aktørar i fylket, fordi kunst og kultur har ein klar verdi i seg sjølv. Men med denne analysen har vi ønska å finne ut kva andre verdiar desse aktivitetane har for næringsliv og innbyggarar. Vi får stadfesta at kulturtilbod ikkje berre har økonomisk betydning, men at kulturtilbodet også kan påverke kven som flyttar til lokalsamfunna våre.  På denne måten får vi eit betre grunnlag for den framtidige kulturpolitikken vår.

Det er Samfunnsøkonomisk analyse, Kunnskapsverket og Østlandsforskning som har utarbeidd metoden for å berekne ringverknader og som har gjennomført analysen på oppdrag frå fylkeskommunen. Analysen har også sett på kva konsekvensar kulturaktivitetane har for samfunnet.