Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Kva gjer fylkeskommunane for å utvikle berekraftig cruiseturisme?

Kontaktpersonar

Lillian  Sæther Lillian Sæther
Rådgivar
71 28 01 23 /
Mob. 952 80 603
Send e-post

Kva gjer fylkeskommunane for å utvikle berekraftig cruiseturisme?

Cruisetrafikken har auka kraftig dei siste åra. Korleis kan vi legge til rette for berekraftig cruiseturisme i framtida?

Fylkeskommunen har i lag med cruisenæringa og reiselivet blitt enige om seks tiltak for berekraftig cruiseturisem (foto: Arne Inge Tryggestad).

Cruisetrafikken har auka kraftig dei siste åra. I 2000 var om 200 000 cruiseturistar innom norske hamner. I fjor var dette talet oppe i 789 000, altså nesten ei firedobling på under tjue år. Og fleire skal det bli. Transportøkonomisk institutt anslår ein årleg vekst på 2,5 prosent i periode 2018 – 2028, og 1,5 prosent årleg vekst i perioden 2028 – 2060. Dette vil bety 1,6 millionar cruiseturistar og 2600 anløp i norske cruisehamner i 2060[1].

Om lag 70 prosent av all cruisetrafikk i Noreg skjer i dei fire Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Verda vil besøke dei vakre fjordane våre og oppleve det Vestlandet har å by på. Mens nokon jublar for denne utviklinga og verdiskapinga, er andre kritiske og peikar på forureining og fordelinga av godane. Då cruiseskipet Viking Sky fekk trøbbel utanfor Hustadvika tidlegare i vår, fekk vi også ei kraftig påminning om kor viktig sikkerheita er.

Kva gjer så fylkeskommunane for å legge til rette for berekraftig cruiseturisme i framtida?

Fjordfylka står saman og er einige om ein felles visjon: Vestlandet skal vere det mest berekraftige reisemålet i Europa, basert på lønnsame og tilgjengelege naturopplevingar. Berekraft og lønnsamheit gjeld også cruiseturismen. Sagt med andre ord: utsleppa skal ned, og den landbaserte verdiskapinga må auke. Samtidig skal dei reisande ha gode opplevingar, og lokalbefolkninga skal ha det bra.

Fjordane og reisemåla på Vestlandet er unike. Sidan 2016 har fylkeskommunane og Vestlandsrådet jobba med å få på plass ein felles cruisestrategi, følgt opp av ein felles handlingsplan med seksten tiltak, som no skal rullast ut. Det har vore ein krevjande prosess, fordi det er så stor variasjon i størrelse på reisemåla og i kor mange cruisepassasjerar og cruiseanløp dei ulike reisemåla kan ta imot. Dette heng også saman med det landbaserte reiselivet.

Fylkeskommunane har gått i dialog med både cruisenæringa og reiselivsnæringa og saman blitt einige om kva tiltak blant desse seksten vi bør prioritere:

Kor mange cruiseanløp og kor mykje anna turisttrafikk kan og bør ein destinasjon ta imot, for å oppretthalde ei berekraftig utvikling? For å finne ut kor tålegrensa for det enkelte reisemålet ligg, treng vi verktøy. Fylkeskommunane vil derfor prioritere å utarbeide ei verktøykasse som reisemåla og cruisedestinasjonane kan bruke når dei skal planlegge for framtida. Vi vil invitere sentrale partar i utviklinga av verktøyet, og på den måten kan dette tiltaket også få nasjonal effekt.

Stortinget har vedtatt at verdsarvfjordane skal vere utsleppfrie innan 2026. Vi meiner at nullutsleppvedtaket skal gjelde alle fjordar. Mange lurer på kva dette betyr for cruisenæringa og den delen av næringa som har cruise som ein viktig marknad. Korleis vil dette påverke Vestlandet? Og korleis vil reiarane tilpasse seg? Vi vil gå i dialog med Sjøfartsdirektoratet slik at vi får belyst dei mest aktuelle problemstillingane.

Det er ulike syn på kva type framtidig energibruk vi bør legge til rette for. Mange meiner landstraum er det mest aktuelle alternativet, men både LNG (naturgass) og hydrogen blir trekt fram som løysing for morgondagen. Vestlandsregionen vil utgreie dette spørsmålet før vi går til store investeringar som det kanskje ikkje vil vere marknad for i framtida. Samtidig vil vi løfte spørsmålet opp på nasjonalt nivå, sidan dette er noko som angår alle cruisehamner i Noreg.

[1] Kjelde: Cruisetrafikk til norske havner, TØI rapport 1651/2018

Ansvarlege for fagområdet reiseliv på Vestlandet:

Lillian Sæther, Møre og Romsdal fylkeskommune
Anne Silje Sylvarnes, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Marta Rongved Dixon, Hordaland fylkeskommune
Randi Klæbo, Rogaland fylkeskommune