Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Markering av Kystpilegrimsleia i Møre og Romsdal 18.-23. juni

Kontaktpersonar

Bjørn Ringstad Bjørn Ringstad
Fylkeskonservator
71 28 04 39 /
Mob. 414 58 971
Send e-post

Dokument

Program for Smøla 23. juni
PDF-dokument - 1,34 MB

Markering av Kystpilegrimsleia i Møre og Romsdal 18.-23. juni

Den rekonstruerte Colin Archer skøyta Risør II er no på seilas langs vestlandskysten for å markere opninga av Kystpilegrimsleia. Måndag 18. juni kjem seilasen til Møre og Romsdal. 

Foto: Wigdis Wollan

Turen går fra Stavanger til Trondheim og følger leia som pilegrimmane fulgte i middelalderen.

Måndag 18. juni kjem seilasen til Herøy gård. Dagen etter besøker den Giske kyrkje og Borgundkaupangen i Ålesund. Skøyta blir liggande i nattehamn før den seglar vidare til Veøya og Molde onsdag 20. juni. Dagen etter er det Kvernes på Averøya som får besøk, før det store hovudarrangementet finn stad på Edøy/Kuli på Smøla laurdag 23. Juni. Her vil den offisielle nasjonale opninga finne stad ved preses i Den norske kyrkja ved biskop Helga Byfuglien Haugland. Vår eigen biskop Ingeborg Midttømme vil også være tilstades sammen med fylkesordførar Jon Aasen og fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Kystpilegrimsleia som er en del av St.Olavsveiene  ble godkjent i desember 2017. Alle som vil følge Risør II gjennom fylket er velkomne til å delta på dei ulike arrangementa i fylket. 

Seglingsprogram for Møre og Romsdal

Måndag 18. juni

Selja – Herøy

Program for Herøy finn du her

Herøy kystmuseum/kultursjef tek imot Risør II – omvisning - natthamn

Tysdag 19. juni

Herøy – Giske – Borgund/Ålesund

kl. 13.00  Giske kyrkje - kvardagsgudsteneste med pilegrimsliturgi

  • samtale/foredrag med inviterte gjestar
  • samsegling med Sunnmørsknarren til Borgund
  • Kl. 16.00 Borgund kyrkje – natthamn Sunnmøre museum

Onsdag 20. juni

Ålesund – Veøy - Molde – (alt. Bjørnsund)

18.00 – Veøya - Omvisning i prestegarden, kyrkja og «kaupangen» - tidebønnsgudsteneste

Torsdag 21. juni

Molde (alt. Bjørnsund) - Kvernes – Grip

17.00 – Kvernes – oppmøte ved Gamle Kvernes Bygdemuseum – vandring

18.10 – Kvernes Stavkyrkje – musikalsk innslag – spel – kvardagsandakt

19.30 – Kvernes – Klippen, middag – rømmegraut

Program for Kvernes finn du her

Fredag 22. juni

Grip - Mellemverftet/Kristiansund

Laurdag 23. juni
Mellemverftet/Kristiansund – Edøy/Smøla – Brekstad
Program for Smøla finn du her 

13.30 –- Hovudarrangement Smøla – Edøy/Kuli – «Frå viking til pilegrim»  

16.30 – Transport-vandring til Kulisteinen

17.00 -  Opning av Kystpilegrimsleia ved preses, biskop Helga Haugland Byfuglien

Søndag 24. juni

Seilasen fortsett Brekstad – Trondheim

Edøy gamle kyrkje/Smøla kl. 11.00 – pilegrimsgudsteneste

Borgund/Ålesund kl. 11.00 - pilegrimsgudsteneste

Les meir om Kystpilegrimsleia her