Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Mathias, Olav, Carsten og Markus vant kampanjekonkurranse

Kontaktpersonar

Marit Holen Marit Holen
Rådgivar marknadsarbeid
71 28 02 68 /
Mob. 975 44 525
Send e-post

Mathias, Olav, Carsten og Markus vant kampanjekonkurranse

Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, ved marknadsseksjonen, har i vår gjennomført ein kampanjekonkurranse for FRAM Ung (periodebillett for ungdom). Deltakarane i konkurransen var Medier og kommunikasjon vg2 frå dei vidaregåande skolane i fylket, og totalt deltok 24 grupper frå 4 skolar.

Mathias Oterhals Myklebust, Olav Knardal, Carsten Østergaard og Markus Gjerde Andersen vann konkurransen. Her saman med Marit Holen frå samfredselsavdelinga. 

Kva har ungdommane laga?

Gruppene har laga ein film på 20 sekund som visast på Facebook og på skjermar til dømes på trafikkterminalane, ferjer, enkelte idrettshallar, etc.) Dei har og laga ein A3-plakat som skal henge inne på bussane i Møre og Romsdal i mai og juni. 

Målgruppa er ungdom 15-23 år og bodskapet er «Reis fritt i heile fylket for kr. 412 for 30 dagar. Gjeld buss, hurtigbåt og ferje for ungdom under 23 år.».

Kåring av vinnar

Juryen bestod av assisterande fylkesutdanningssjef, ein kommunikasjonsrådgivar og ein grafisk designar frå kommunikasjonsseksjonen i fylkeskommunen, ein representant frå marknadsseksjonen på samferdselsavdelinga og ein ungdomsrepresentant.

Juryen hadde inga enkel oppgåve, men kom fram til tre finalistar og ein vinnar. Finalistane blant gruppene som deltok i konkurransen om å lage den neste FRAM Ung-reklamen var; Molde vgs. 2ME2 gruppe 4, Molde vgs. 2ME2 gruppe 5 og Ålesund vgs. gruppe 6.

Vinnarar frå Molde videregående skole

Det var gruppe 4 ved Molde vgs. 2ME2 som blei kåra til vinnaren av konkurransen. Gruppa bestod av Mathias Oterhals Myklebust, Olav Knardal, Carsten Østergaard og Markus Gjerde Andersen.

Juryen si grunngjeving var som følger:

Juryen meinte at denne gruppa svarte tydeleg på oppgåva. Elevane i gruppa fikk fram bodskapet om at FRAM Ung kostar 412 kroner, er ein periodebillett for deg under 23 år, at billetten gjeld for buss, hurtigbåt og ferje i 30 dagar på ein bra måte. Filmen var godt tilpassa terminalreklame fordi bodskapet var fordelt gjennom heile, og det var enkelt å sjå samanhengen mellom filmen og plakaten.

Premieutdeling og feiring av vinnarane

Deltakarane i gruppa som vann, fekk individuelle premiar. I tillegg inviterte oppdragsgivaren heile klassen på pizza på premieutdelinga 4. juni

Bilde av elevar som vann konkurranse ved MOlde vgs|

Mathias Oterhals Myklebust, Olav Knardal, Carsten Østergaard og Markus Gjerde Andersen saman med kontaktlærar Bente Flemsæterhaug, lærar Hilde Nerland og lærar Ida Løseth Arnesen