Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > - Meir læring med kreativitet i skolen!

- Meir læring med kreativitet i skolen!

Konferansedagane for Den kulturelle skulesekken baud på eit mylder av kunstproduksjonar og ny innsikt om kreativitet og læring.

Meir kunst på timeplanen gir betre skoleresultat, i følge den danske hjerneforskaren Kjeld Fredsen. (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Konferansedagane den 23. og 24. januar erstatta i år det tradisjonelle Kulturtorget med ein ny vri: ein konferanse der hensikta var å vise kunst og kreativiteten sin plass i framtidas skule. Og i følge fleire av innleiarane bør den vere stor:

- All læring skjer gjennom eit dynamisk samspel mellom hjerne, kropp og omverda. Men den startar med kroppen, gjennom kroppslege opplevingar som kunst og kultur. Då blir det feil å innsnevre kreativiteten i skolen, til fordel for teorifaga, sa den danske hjerneforskaren Kjeld Fredsen, og viste mellom anna til at elevar i kunst-rike skoler klarer seg betre, også ved Pisa-testar.

Kunst og kultur på timeplanen

Dei kring 200 deltakarane fekk oppleve ei rekke forfattarmøte, teaterproduksjonar, scenekunst og konsertar, før desse blir sendt ut i skolane i Møre og Romsdal.

På programmet stod også foredrag av blant andre hjerneforskar Kjeld Fredsen, skodespelar Nina Andersen-Borud og professor Christine Hall.

Dialogkonferansen er eit samarbeid Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, SEANSE og Kulturtanken.

Konferansedagane er ein del av fylkeskommunen si satsing på «UNG kultur i Møre og Romsdal».