Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Møre og Romsdal fylkeskommune vil styrke Vestlandsjordbruket

Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Ass. regional- og næringsjef
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Møre og Romsdal fylkeskommune vil styrke Vestlandsjordbruket

Fylkesutvalet har ei tolvpunktsliste med innspel til partane i jordbruksforhandlingane 2019. Eitt av innspela går på å redusere innteksgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet.

Endring i kosesjonslova

Brevet frå fylkesutvalet lyder som følger: 

Jordbruksforhandlingane 2019 – Vestlandsjordbruket må styrkast!

Etter vedtak i Fylkesutvalet 26.3.2019 vil Møre og Romsdal fylkeskommune sende følgjande beskjed til partane i jordbruksforhandlingane 2019:

  1. Inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet må reduserast. Inntekts-skilnadene mellom ulike produksjonar og distrikt må også utjamnast.
  2. Berekraftig matproduksjon må vere basert på bruk av mest mogleg lokalt dyrka fôr. Politikken må innrettast slik at det vert meir lønsamt å dyrke og fôre med grovfôr av best mogleg kvalitet.
  3. Norsk kraftfôr må innehalde meir norske råvarer. Jordbruksavtalen må stimulere til utviklingsarbeid, og til meir dyrking av proteinvekstar i Norge.
  4. Små og mellomstore mjølkebruk på Vestlandet må kome styrka ut av jordbruksforhandlingane 2019. Dette er berebjelken i jordbruket i denne landsdelen, og ein viktig føresetnad for næring og busetjing i distrikta.
  5. Små og mellomstore ammekubruk og sauebruk må styrkast så vi kan halde oppe drift på areala i regionen og for å syte for at Vestlandet held ved lag sin relative del av den norske produksjonen av storfekjøt og sau/lam.
  6. I ein situasjon med overproduksjon må investeringsmidlar til små og mellomstore bruk til fornying av driftsapparatet og investeringar med tanke på betre utnytting av husdyrgjødsel prioriterast framfor investeringar til store bruk og auka produksjon.
  7. I ein situasjon med overproduksjon må meir av virkemiddelbruken vris over på produksjonsnøytrale og samfunnsnyttige formål. Det betyr meir betaling for bruk av kulturlandskap, tillegg for drift av vanskeleg terreng og meir tilskot til beiting.
  8. Velferdsordningane må forbetrast, særleg ved svangerskap og fødsel. Det vil forbetre rekrutteringa og legge til rette for meir likestilling i jordbruket.
  9. Det må satsast meir på vekst og nyetableringar i produksjonar der marknaden veks, som til dømes frukt og bær, og økologisk produksjon. Her trengst det både meir investeringsstøtte, utvikling av distribusjonsleddet og langsiktige rammevilkår.
  10. Auka eksport av norske jordbruksvarer må utgreiast. Norsk jordbruk har fortrinn innan dyrehelse, miljø og kvalitet som kan bli ei internasjonal merkevare. For å få det til trengs ein tydeleg innsats både når det gjeld avtaleverk og merkevarebygging.
  11. Klimaendringar gjer fôrproduksjon svært sårbart, og det må vere eit overordna mål at Noreg er sjølvforsynt med nok gras og korn som skal brukast som fôr.
  12. Det er behov for auka støtte til skogplanting og ungskogpleie og skogsdrift i bratt terreng.