Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Mørekysten er EU-pilot

Kontaktpersonar

Anita Steinbru Anita Steinbru
Seniorrådgivar
71 25 81 89 /
Mob. +4741642523
Send e-post

Mørekysten er EU-pilot

Gjennom EU-prosjektet EfficienSea er dei sårbare områda langs kysten på Sunnmøre presentert på en ny og detaljert måte. Tanken er at informasjonen på sikt skal kunne nyttast i planlegging av skipstrafikk, naudhamn og i samband med ulykker til sjøs.

Sårbare områder langs Mørekysten er no kartlagt i detalj gjennom eit pilotprosjekt i EU.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Runde Miljøsenter som er involvert i EfficienSea. Bakgrunnen for prosjektet er behovet for effektiv, sikker og berekraftig sjøtrafikk langs kysten, som følgje av auka skipstrafikk i Europa og fare for forureining som til dømes oljeutslepp.

-To regionar blei vald ut som pilotområder; kysten utanfor Møre og Romsdal og Gdansk-bukta i Polen. I Møre og Romsdal har vi vald eit område som strekker seg frå Stadt til og med Giske kommune, seier internasjonal koordinator i Møre og Romsdal fylkeskommune, Anita Steinbru.

Dynamisk sårbarheitskart

Resultatet av prosjektet så langt er eit dynamisk sårbarheitskart som viser kva område som er mest sårbare dei ulike månadene i året. Nokre område kan ha same sårbarheit heile året, mens andre område forandrar seg. 

Kva kan eit sårbarheitskart bli brukt til?
-Informasjonen kan først og fremst bli brukt i planlegging av trafikken til sjøs, og som verktøy i krisesituasjonar. Om prosjektet held fram, og ein vel å kartlegge heile kysten, vil ein oversikt over sårbare områder også kunne implementerast i til dømes kartapplikasjonar og nyttast av båtane, seier GIS-rådgivar Knut Sindre Vale i Møre og Romsdal fylkeskommune.

-Dette er foreløpig eit pilotprosjekt. Vi ønskjer å få det testa ut, og vil gå i dialog med statlege organ for å sjå om det er muleg å vidareføre prosjektet, seier Vale.

EfficienSea Pilot studies

Ein “ny” generasjon verktøy

Kartlegging av Mørekysten er ikkje heilt nytt. I følgje Trond Haukebø i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen er Møre og Romsdal eit av dei mest oppdaterte fylka når det gjeld kartfesting av naturverdiar. Men den faglege dokumentasjonen er statisk og inneheld i liten grad informasjon om sårbarheit. Det krevst ofte spesialkompetanse for å tolke informasjonen også, og ein ser behovet for både meir detaljert og lettare tilgjengeleg informasjon.

Vellukka samarbeid

-Samarbeidet mellom landa har fungert på ein sers god måte, noko som utan tvil har stimulert oss til å nå dit vi er i dag, seier forskar Annelise Chapman frå Runde Miljøsenter.
 -Våre resultat er så langt motteke med stor interesse frå leiinga i EfficienSea, seier ho.

Les heile rapporten EfficienSea: arbeidspakke 5.5 og 5.6. Dynamisk sårbarheitskartlegging:

 

Link til Efficiensea: http://www.efficiensea.org/

Link til Efficiensea-kart: http://maps.efficiensea.org/

Runde Miljøsenter

http://www.youtube.com/watch?v=z5Rv5U8X_po

Kartteneste: http://test.gisportalen.no/silverlightviewer_1_5/index.html?Viewer=Gislink

Kontaktpersonar:

Anita Steinbru (kontaktinfo til høgre)

Trond Myrland (kontaktinfo til høgre)

Trond Haukebø, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, tlf. 71 25 84 27 / 975 24 064

Knut Sindre Vale, Møre og Romsdal fylkeskommune, tlf. 71 25 82 84

Annelise Chapman, Runde Miljøsenter, tlf. 70 08 08 03 / 907 50 501

Nokre av prosjektdeltakarane (frå venstre): Lidvard Måseide (Kystverket), Annelise Chapman (Runde Miljøsenter), Gertrud Hermansen (DAMSA), Martin Zeiffert (Kystverket), Nils Roar Hareide (Runde Miljøsenter), Trond Haukebø (Fylkesmannen MR). Foto: Runde Miljøsenter