Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Møte i fylkesutvalet 09. april

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Møte i fylkesutvalet 09. april

Invitasjon til deltaking i nasjonal ordning med fylkesvise mobbeombod, Oppstart av prosjekt Møre og Romsdal som region mot 2025 og Handlingsplan cruisestrategi for Vestlandsfylka 2018 – 2020 er mellom sakene utvalet skal behandle.

Møte startar med to orienteringar. Først ei orientering om årsrekneskapet for 2017 v/ass fylkesrådmann Gunn Randi Seime. Vidare vert det ei orientering om «Møre og Romsdal fylkeskommune – omstilling av organisasjonen mot 2020» v/personalsjef Dag Lervik, før det vert behandling av saker etter saklista.

Frå kl. 13.00 og ut dagen vert det gruppemøte i dei ulike partia. 

Saker til behandling:

U-18/18         Program for fylkestinget i Ålesund 23. og 24. april 2018  
Tilrådinga samrøystes vedteken       
U-19/18         Klage på vedtak - Smøla kommune - terrasse gbnr 52/25 Været Veiholmen - dispensasjon frå reguleringsplan
Tove Lise Torve m/fl. la fram forslag til nytt vedtak. Ved votering fall fylkesrådmannen si tilråding. 
U-20/18         Invitasjon til deltaking i nasjonal ordning med fylkesvise mobbeombod 
Tilrådinga samrøystes vedteken    

Møte vart heva kl. 12.30. Dei tre siste sakene vert behandla 11.april. 

U-21/18         Oppstart, prosjekt Møre og Romsdal som region mot 2025                          
U-22/18         Handlingsplan cruisestrategi for Vestlandsfylka 2018 - 2020
U-23/18         Nye transportvedtekter for buss, båt og ferje

Fullstendig møteinnkalling og sakliste