Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Netto driftsresultat i minus for fylkeskommunen

Kontaktpersonar

Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post
Gunn Randi Seime Gunn Randi Seime
Ass. fylkesrådmann
71 28 01 85 /
Mob. 408 69 713
Send e-post

Netto driftsresultat i minus for fylkeskommunen

Årsrekneskapen som fylkesrådmannen legg fram for fylkesutvalet i april viser at Møre og Romsdal fylkeskommune i 2017 har eit negativt netto driftsresultat på 7,5 mill. kroner.

Eit negativt netto driftsresultat viser at fylkeskommunen sine samla utgifter for året er større enn dei samla inntektene.

-Fylkeskommunen brukte i 2017 meir enn vi fekk inn i inntekter, og på sikt er ikkje dette berekraftig, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. -Vi bør ha ei målsetting om eit positivt netto driftsresultat, for å bygge opp reservar eller til investeringar. Dei siste åra har Møre og Romsdal fylkeskommune hatt eit netto driftsresultat som har lege godt under landsgjennomsnittet for fylkeskommunane, seier Guttelvik.

Fylkeskommunen sitt rekneskapsmessige resultat, som er avviket mellom budsjett og rekneskap, viser eit mindreforbruk i forhold til budsjett på 133,9 mill. kroner for 2017. Det er 43,3 mill. kroner mindre enn i 2016.

Resultatet for fylkeskommunen sine frie disponible inntekter viser 8,9  mill. kroner meir enn budsjettert. Sektorane har netto brukt 122 mill. kroner mindre enn budsjettert. Av dette er 42 mill. kroner knytt til utdanningssektoren, 35 mill. kroner til lønnsoppgjer og reguleringspremie (pensjon), og i underkant av 14 mill. kroner til regional- og næringsutvikling. Samferdselssektoren har eit mindreforbruk i forhold til budsjett på vel 9 mill. kroner. 

Vidaregåande opplæring framleis det største tenesteområdet

Totale netto driftsutgifter for Møre og Romsdal fylkeskommune var i 2017 på 3 810 mill. kroner. Det største tenesteområde er vidaregåande opplæring med netto driftsutgifter på 1 747 mill. kroner i 2017. Samferdsel er den nest største sektoren, og hadde i 2017 er netto driftsutgifter på 1 519 mill. kroner. Desse sektorane står til saman for 86 prosent av fylkeskommunen si drift.

God økonomistyring og omstilling

I 2017 vart det investert for i underkant av 713 mill. kroner. Som følgje av det, auka lånegjelda med 336 mill. kroner siste året. Samla lånegjeld er no på 4,713 mrd. kroner. Med bakgrunn i politiske vedtak om store investeringar dei neste åra, vil lånegjelda halde fram med å auke.
– Fylkeskommunen har ein krevjande økonomisk situasjon. Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt eit høgt investeringsnivå over fleire år, som har ført til høg lånegjeld, aukande lånekostnader og press på drifta år for år. Det gjer at det må prioriterast grundig i aktivitetar og tenestetilbod dei komande åra. God økonomistyring må derfor ha høg prioritet, men dette vil truleg ikkje vere nok i åra som kjem. Vi set derfor no i gang eit omstillings- og organisasjonsutviklingsprosjekt med mellom anna formål å skape økonomisk handlingsrom dei komande åra, avsluttar Guttelvik.

     
Årsmelding og årsrekneskap 2017   Årsrapport 2017