Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > No kan du få mentorhjelp til å utvikle bedrifta di

Kontaktpersonar

May Britt Roald May Britt Roald
Rådgivar
71 28 03 47 /
Mob. 466 96 382
Send e-post
Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 /
Mob. 482 62 671
Send e-post

No kan du få mentorhjelp til å utvikle bedrifta di

Driv du med design, illustrasjon, foto, film eller anna kreativ næring? Delta på kurs i forretningsutvikling og få mentorhjelp!

Mentor og kurs i forretningsutvikling for deg som driv kreativ næring. (Foto: ScanStockFoto)

Meld deg på no, og delta på kurset Bygg bedrift og få mentorhjelp etter sommaren. Pakka er skreddarsydd for kulturell- og kreativ næring.

- Ein mentor kan hjelpe deg med å utvikle forretningsideen din, med kundar, marknad, prising, økonomi, strategi og anna. Med ein mentor står du mindre aleine, og du får hjelp til å drive meir lønsamt, seier May-Britt Roald, leiar av hoppid.no, Møre og Romsdal fylkeskommune si etablerarteneste.

Tenke nytt

Tilbodet passar både for dei som nettopp har start bedrift, eller som har drive på ei stund. Kurs og mentorhjelp har ein eigenandel på 1250 kroner. 

Illustratør Bergljot Hals er ei av dei som deltok på programmet i fjor. Ho fekk Olla Rypdal som mentor, som sjølv har omfattande erfaring innan kreativ næring .

- Eg anbefaler mentorprogrammet på det sterkaste, det har utfordra meg til å tenke nytt, seier Hals.

Bygg ei lønsam bedrift

På kurset Bygg bedrift lærer gründerane korleis dei kan bygge ei lønsam bedrift:

  • gjennom å utvikle forretningsideen og forretningsmodellen sin
  • ved å involvere kundane sine i produktutviklinga
  • ved å styre mål og oppgåver

Kurset går over to samlingar, 27. og 28. august og 26. og 27. september.

Mentorprogram

Dei som har deltatt eller skal delta på Bygg bedrift, kan søke om å få ein mentor:

  • seks (eller fleire) møter med mentor
  • tre nettverksmøte for å dele erfaringar med dei andre bedriftene
  • to regionale nettverksmøte og oppfølgingssamling

Målgrupper er bedrifter innan kunstnarleg verksemd, kulturarv, arkitektur, musikk, film, foto, spel og design.

Det er pliktig oppmøte på alle samlingar.

Påmelding og informasjon her

Programmet er ein del av Møre og Romsdal si satsing på kreative næringar og er utvikla i samarbeid mellom Lean business og KulturBiz. hoppid.no er Møre og Romsdal fylkeskommune si etablerarteneste i lag med Innovasjon Norge og kommunane.