Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > No kan du førehandstemme på fylkestinget

No kan du førehandstemme på fylkestinget

9. september er valdagen. Men allereie no kan du førehandsstemme på kommune- og fylkestingsvalet. 

9. september kan du stemme ved kommune- og fylkestingsvalet, men allereie no kan du førehandstemme.
Her er noverande fylkesting. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Du kan du førehandstemme i alle kommunane i landet frå 12. august til 6. september. På valdagen den 9. september må du stemme i heimkommunen din.

Innbyggarane i Møre og Romsdal skal velje 47 representantar til det nye fylkestinget. 

Det er desse 47 politikarane som skal bestemme over utviklinga av tenestene fylkeskommunen har ansvar for. Brukar du stemmeretten din, kan du påverke kva for parti og politikarar du vil skal setje preg på Møre og Romsdal dei neste fire åra.

Fylkeskommunen har ansvar for dei vidaregåande skolane, tannklinikkane, fylkesvegene og kollektiv. I tillegg bidreg fylkeskommunen til kulturlivet og ivaretek kulturminnevernet. Fylkeskommunen skal også legge til rette for å utvikle arbeidsplassar, næringsliv og gode oppvektsforhald for alle.

Les meir om korleis og kvar du kan stemme på valg.no

17 lister stiller til val under årets fylkestingsval. Oversikta finn du her