Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > No kan du og klubben din søke idrettsstipend

Kontaktpersonar

Rigmor Hustad Holen Rigmor Hustad Holen
Seksjonsleiar
71 28 04 23 /
Mob. 930 06 726
Send e-post

No kan du og klubben din søke idrettsstipend

Er du mellom 15-22 år og gjer det bra i sporten din? Då kan du søke om stipend. Klubbar som har eit høgt aktivitetsnivå og god drift kan også søke. Søknadsfristen er 5. august 2019.

I 2018 var stipenda tildelt Silje Knutsen Kippernes (22) frå IL Braatt og Toralv Opsal (20) frå Dimna IL. Vestnes-Varfjell IL avdeling kampsport fekk tildelt klubbstipend. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

–Vi oppfordrar alle som kan vere aktuelle kandidatar om å søke, eller kanskje du kjenner nokon som kan vere aktuell? Vi har mange flott kandidatar i fylket, som fortene å bli sett!, seier Rigmor Hustad Holen, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kven kan søke?

Stipendet blir delt ut til ein kvinneleg og ein mannleg utøvar i alderen 15-22 år. Du må ha folkeregistert adresse i Møre og Romsdal, eller vere knytt til eit idrettslag i Møre og Romsdal. Utøvaren må vise til gode prestasjonar regionalt, nasjonalt eller internasjonalt det siste året og vise til gode moglegheiter for utvikling. Du finn meir informasjon og søknadsskjema her

Skal gi inspirasjon og motivasjon

Møre og Romsdal fylkeskommune si ordning med idrettsstipendet skal gi inspirasjon og motivasjon for enkeltutøvarar eller individuelle utøvarar til å utvikle seg vidare i idretten sin. Stipenda som går til utøvarane er på 40 000 kroner til kvar. I tillegg blir moderklubbane påskjønna for godt arbeid med å fostra opp unge talent med 10 000 kroner kvar.

Når det gjeld idrettsstipend til klubb,  ønsker Møre og Romsdal fylkeskommunen å gi inspirasjon og motivasjon til ein klubb for å utvikle klubben vidare med god drift og høgt aktivitetsnivå. Det er mange klubbar som gjer ein god jobb og som fortener støtte. Stipendet til klubb er på 50 000 kroner